Polkadott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvite polkadottar på raud bakgrunn.

Polkadott (engelsk polka dot, 'polkaprikk') er eit mønster av runde prikker av same storleik eller ein prikk i eit slikt menster.[1] Mønsteret blei populært i England i siste halvdel av 1800-talet. Truleg fekk det namn på same måte som andre polka-ord frå denne tida, med bakgrunn i den samtidige farsotten for polkadans.[2]

Kvinne i polkadott-kjole (1889) av József Rippl-Rónai.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Polkadott-mønster blir mykje brukt på klede, leiker og møblar eller interiør. Dem venezuelanske motedesignaren Carolina Herrera brukte polkadottar på dei fleste kjolane ho utforma seint på 1980- og tidleg på 1990-talet, i tillegg til på eskene for parfymane Carolina Herrera, Herrera For Men, Aquaflore og Flore.[3]

I Tour de France bruker ein ei kvit trøye med raude polkadottar for den som har flest klatrepoeng i løpet av meisterskapet.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet blir brukt i jazz-standarden «Polka Dots and Moonbeams», ein song med musikk Jimmy Van Heusen og tekst av Johnny Burke som kom ut i 1940. Dette var den første hitten til Frank Sinatra med Tommy Dorsey Orchestra. Songen er blant dei 100 mest innspelte jazz-standardane.[4] Mønsteret har også ei viktig tyding i teksten til popsongen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Denne blei lansert i 1960 av Brian Hyland.

Musikalfilmen The Gang's All Here frå 1943, regissert av Busby Berkeley, inneheldt eit større nummer kring «The Polka-Dot Polka».[5] Denne songen var skriven av Harry Warren og Leo Robin, og sungen av Alice Faye med Busby Berkeley-dansarane.[6]

Kunstnaren Yayoi Kusama bruker ofte polkadottar i verka sine,[7][8] som i installasjonen Ascension of Polkadots on the Trees ved Singapore-biennalen i 2006.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «polkadott» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «polka», Oxford English Dictionary, «On account of the popularity of the dance, polka was prefixed as a trade name to articles of all kinds (cf. quot. 1898 in 1); e.g. the polka curtain-band (for looping up curtains), polka-gauze, polka hat; {polka-dot}, a pattern consisting of dots of uniform size and arrangement; also fig., attrib. or as adj., and as v. trans.; hence polka-dotted adj.» 
  3. «Embroidered Polka Dots Lace Top». www.joycard.gr. Arkivert frå originalen 16. november 2016. Henta 15. november 2016. 
  4. «Jazz Standards Songs and Instrumentals (Polka Dots and Moonbeams)». www.jazzstandards.com. Henta 23. januar 2018. 
  5. Gregory May (17. oktober 2008), The Polka-Dot Polka, henta 24. oktober 2018 
  6. The Gang's All Here, henta 25. september 2017 
  7. Lylynguyen. «"Queen of Polka dots" holds exhibit in Vietnam». VX Art News. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 13. mai 2014. 
  8. Nachmann, Ron. «Of obliteration and polka dots: films on the vividly obsessive art of Yayoi Kusama». Dangerous Minds. Henta 13. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Polkadott