Polkagris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polkagrisar i krukker.

Polkagris er ein type godteri som består av vatn, sukker, peparmynteolje, glukose og eddik.[1] Den klassiske varianten er raud-og-kvitstripa drops.[2]

Ein framstiller dei stripa dropsa ved å rulla ut lengder av ein kvit og ein raud sukkermasse. Deretter tvinnar ein ei kvit lengd og ei raud lengd saman, og kappar den tvinna lengda opp i mindre bitar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ulikt smakssette polkagrisar i Granna.
Polkagrisstong.

Den første som laga polkagrisar var svenske Amalia Eriksson som i 1859 fekk løyve av magistraten i Gränna til å skipa sukkerbakeri og til å laga drops. Namnet kjem av den store populariteten i samtida til den nye dansen polka,[3] medan gris var eit vanleg namn på godteri.[4][5] Eriksson var opphavleg ei fattig enkje, men blei rik på verksemda.[1][6][7] VM i polkagrislaging blei halde i Gränna kvart år frå 1994 til 2014.

Polkagrisar er ofte knytte til jul.[8] Dette kjem truleg av ei samanknyting med ein utbreidd amerikansk juletradisjon med å henga opp raud-og-kvitstripa dropsstenger forma som spaserstokkar, såkalla «candy canes», som julepynt.[9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Andersson, Elias (18. april 2017). «Polkagris – 5 saker du inte visste» (på svensk). Henta 14. desember 2018. 
  2. «DROPS : Polkagriser» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 14. desember 2018. 
  3. «Svensk etymologisk ordbok». 1922. Henta 26. februar 2009. 
  4. Marabou: Polkipedia Henta 17. november 2010.
  5. «polkagris - Uppslagsverk». www.ne.se. Henta 15. september 2020. 
  6. «Gränna i Jönköpings, Småland | Visit Sweden» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 14. desember 2018. 
  7. «Årets matdagar 2018: Polkagrisens dag 20 april» (på svensk). Henta 14. desember 2018. 
  8. Lantliv.com. «Så gör du dina egna polkagrisar till jul» (på svensk). Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 14. desember 2018. 
  9. JPC-DESIGN, whychristmas?com /. «Christmas Candy Canes on whychristmas?com» (på engelsk). Henta 14. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]