Poll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Pollen i Arendal
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Poll er ein innestengd fjord og er kjenneteikna ved at munningen utgjer ein flaskehals i forhold til vassmassene inne i fjorden. Namnet kjem av pollrnorrønt, 'ei vik med smalt innløp'.

Namnebruken er kjend langs norskekysten, men er ikkje konsekvent. Fagfolk som geografar, geologar og vassforskarar nyttar stundom poll om ein del «fjordar» og «vatn». Døme på dette er Nordåsvatnet og Selenvatnet i Bergen og Skjerstadfjorden ved Fauske. Tidvasstraumane i munningen av enkelte pollar kan stundom danna malstraumar.

Pollar er oftast danna over tid gjennom landhevinga etter ei istid eller ved sedimentasjono g gjengroing av utløpet. I Noreg har pollane ein viss tilførsel av ferskvatn frå land, som kan gje spesielle hydrografiske forhold, sidan lettare ferskvatn legg seg øvst og vernar det underliggande saltvatnet mot varmetap ut mot atmosfæren. Saltvatnet kan då vere gunstig for produksjon av yngel frå østersen Ostrea edulis. Slike ynglepollar har det vore fleire av langs norskekysten og har mellom anna vorte utnytta kommersielt. Den mest kjende av desse østerspollane er Espevikpollen på Tysnesøy i Hordaland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«poll» av Dag Klaveness i Store norske leksikon, snl.no.