Polmak kyrkje
Polmak kyrkje | |||
kyrkje | |||
Polmak kyrkje
Foto: Helge Høifødt | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Indre Finnmark | ||
Sokn | Polmak | ||
Fellesråd | Polmak og Tana | ||
Arkitekt | Ukjend (1853) Trond Dancke (1959) | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1853 | ||
- Endringar | Restaurert i 1959 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 180 | ||
![]() Polmak kirke | |||
Wikimedia Commons: Polmak kirke | |||
Polmak kyrkje er ei langkyrkje frå 1853 i Tana kommune i Finnmark fylke. Kyrkja ligg i bygda Polmak ved Tanaelva, under ein kilometer i luftlinje frå finskegrensa. Riksveg 895 går like ved kyrkja.
Byggverket er i tre og er bygd med 180 sitjeplassar.[1]Den blei sannsynlegvis reist etter teikningar laga lokalt og med merknadar frå Johan Henrik Nebelong.[2]
Kyrkja er langstrakt og sett saman av fire delar og midtpartiet som inneheld skipet og koret er den eldste.[3]
Kyrkja var i dårleg forfatning etter andre verdskrig. I samarbeid med Riksantikvaren stod Trond Dancke for ei utviding og restaurering av kyrkja i 1959. Inngangspartiet blei fornya og kyrkjeskipet forlenga. Kyrkja fekk òg eit galleri.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Polmak kyrkje frå kyrkjedatabasen
- ↑ Om Johan Henrik Nebelong i Norsk kunstnerleksikon, b.N-So, side 22 digital utgåve
- ↑ Polmak kirke frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Blix, Erik Schytte (1961-01-07). To grensekirker.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Fotografi av kyrkja teke av Knud Knudsen i perioden 1895-1905
- Polmak kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren