Polsk-litauisk union

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polsk-litauisk union eller Polen-Litauen ei nemning på ulike samband mellom kongedømet Polen og Storfyrstedømet Litauen. Kva landområde sambandet omfatta skifta mykje opp gjennom tidene. Sambandet omfatta til tider Polen av i dag, Litauen, Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina (delvis), Romania (delvis) og Russland (delvis). Området vart mot slutten av 1700-talet delt mellom nabostatane i fleire steg. Oppdelinga kom mykje av at Polen-Litauen hadde eit lite samkøyrd styresett både saman og innetter. Nemninga polsk riksdag kjem frå denne tida, ei nemning på ei styresmakt eller nasjonalforsamling der det er tilnærma umogleg å gjera vedtak.

Tidsline[endre | endre wikiteksten]