Polsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polen er eit land i Sentral-Europa, aust for Tyskland. Generelt er Polen ei kontinuerleg slette frå Austersjøen i nord til Karpatane i sør. På denne sletta går variasjonar i terrenget hovudsakleg i band frå aust til vest.

Kysten av Austersjøen manglar naturlege hamner bortsett frå Gdańsk-Gdynia-regionen og Szczecin lengst nordvest. Den nordaustlege delen, kalla Dei masuriske sjøane, er tynt folkesett og manglar jordbruks- og industriressursar. Sør og vest for sjøane strekkjer ei vid slette seg mot Sudetane ved grensa til Tsjekkia og Slovakia i sørvest og til Karpatane ved grensa til Tsjekkia, Slovakia og Ukraina i søraust.

Landet strekkjer seg 876 km frå nord til sør og 689 km frå aust til vest. Det totale arealet til landet er 312 843 km², inkludert innsjøar. Polen grensar til Tyskland i vest, Tsjekkia og Slovakia i sør, Ukraina og Kviterussland i aust og Litauen og den russiske provinsen Kaliningrad oblast i nordaust.

Geografiske koordinatar: 52°00′N 20°00′EKoordinatar: 52°00′N 20°00′E

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Administrativt kart over Polen
Topografisk kart over Polen
Satellittbilete av Polen tatt frå Landsat7
Topografi
Hypsometry

Den gjennomsnittlege høgda i Polen er 173 meter over havet, og berre 3 % av landet, langs den sørlege grensa, ligg over 500 meter over havet. Det høgaste punktet er Rysy på 2499 meter over havet i Tatrafjella i Karpatane, 95 km sør for Kraków. Om lag 60 km² langs Gdanskbukta ligg under havnivå. Polen er tradisjonelt delt inn i fem topografiske soner frå nord til sør. Den største, det sentrale låglandet, er smalt i vest, men vidar seg så ut mot nord og sør austover i landet. Langs den austlege grensa når denne sonen strekkjer denne sonen seg 200 km frå nordaust til grensa i sør. Terrenget i det sentrale låglandet er forholdsvis flatt og tidlegare brevatn er fylt att med sediment. Fleire store elvar renn gjennom regionen, mellom anna Oder, som definerer det schlesiske låglandet i sørvest og Wisła, som definerer låglandet aust i sentrale delar av Polen.

Sør for låglandet ligg det mindre høglandet i Polen, eit belte med ei breidd på mellom 90 og 200 km. Det heller sakte oppover mot Sudetane og Karapatane. I vest, rundt Schlesien og Kraków er det store førekomstar av kol.

Det tredje topografiske området strekker seg på begge sider av den sørlege landegrensa og består av Sudetane og Karpatane. På den polske sida av desse fjella er det fleire busetnadar og særleg Karpatane er forholdsvis tett folkesett. Det høgaste punktet i Sudetane er 1602 meter over havet i Karkonosze. Karpatane er dei høgaste og mest naturskjønne fjella i landet. Dei er den nordlegaste delen av fjellkjeda som strekkjer seg frå Tsjekkia, gjennom Slovakia, Ukraina, Ungarn og Romania. I Polen finn ein to store bekken i fjella, Oswiecim (Auschwitz) og Sandomierz, som er rike på mineral og naturgass.

Nord for det sentrale låglandet inneheld innsjøregionen den einaste gjenverande urskogen i Europa og det meste av dei urørte naturområda av Polen, som stadig vert mindre. Isbrear i dette området forma dei mange sjøane og låge åsar i det elles flate terrenget nær Litauen og Austersjøen.

Små innsjøar ligg tett i tett i heile den nordlege halvdelen av Polen og dette området strekkjer seg 200 km innover i den vestlege delen av landet. Vide elvedalar deler innsjøregionen i tre delar. I nordvest ligg Pommern sør for kystområda av Austersjøen og nord for elvane Warta og Noteć. Masuria utgjer resten av den nordlege delen av Polen og inneheld fleire større innsjøar. Dei fleste av dei 9300 innsjøane i Polen som er større enn 10 000 km², der dei utgjer 10 % av overflatearealet.

Kystslettene langs Austersjøen er eit lågtliggande område danna av sedimentavleiringar frå sjøen. Kystlinja vart forma av det stigande havet då isbreane under den siste istida trekte seg tilbake. Dei to store buktene i den elles jamne kystlinja er Pommernbukta ved grensa til Tyskland lengst nordvest og Gdanskbukta i aust. Elva Oder munnar ut i Pommernbukta og Wisła dannar eit stort delta i Gdanskbukta. Sandbanker med store sanddyner dannar lagunar og kystinnsjøar langs det meste av kysten.

Drenering[endre | endre wikiteksten]

Nesten heile Polen drenerer nordover og ut i Austersjøen via Wisła, Oder og sideelvane til desse to store elvane. Om lag halve landet vert drenert av Wisła, som har utspring i Tatrafjella lengst sør i sentrale delar av Polen. Nedslagsfeltet til Wisła inkluderer det meste av Aust-Polen og dei fleste sideelvane kjem austfrå. Ei av sideelvane, Bug, dannar 280 km av grensa til Polen mot Ukraina og Kviterussland. Oder og den største sideelva hennar, Warta, dannar eit nedslagsfelt som drenerer den vestlege tredjedelen av Polen ut i Stettiner Haff nord for Szczecin. Dreneringa skjer derimot tregt i store delar av Polen, særleg i innsjøregionen og i indre område i sør. Store myrområde, flatt terreng og små, grunn innsjøar hindrar storskala vassrørsle. Elvane har to periodar i året med høgare vassføring. Den første kjem på grunn av snø- og issmeltinga om våren og den andre i kraftig nedbør i juli.

Viktige elvar: Wisla, Oder, Warta, Narew, San)

Klima[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete i Polen i februar 2003

Polen er eit forholdsvis stort land, men ein finn ikkje dei store klimatiske variasjonane i landet. Vêret i seg sjølv varierer derimot ein del, både frå dag til dag og frå årstid til årstid. Sommaren har som regel varme dagar og ikkje altfor kjølige netter med temperaturar over 30 °C eller under 10 °C eit par gonger i løpet av sommaren. Torevêr er forholdsvis vanleg frå mai til august, og innimellom kan vedvarande regn føre til flaum. I kystområda av Austersjøen går derimot torebyene over i regnbyer, og temperaturen er noko lågare, rundt 16-20 °C. Fjellområda Karpatane og Sudetane kan få mykje torevêr og store temperatursvingingar.

Hausten fører ofte med seg mykje fint vêr i store delar av Polen, inkludert skogområda i sør og ved foten av Karpatane. Nedbørmengdene minkar vanlegvis om hausten, bortsett frå på kysten i nord som ofte får ein del yr. Temperaturane held seg stort sett over frysepunktet til ut i november. Når vinteren set inn vert det derimot skya og kaldt (ofte svært kaldt) med lett snøfall om lag annakvar dag. Dei austlege og nordlege områda er som regel dekte av snø i januar og februar, og sjølv langs Austersjøkysten kjem det vanlegvis snø, men sjeldan i store mengder. Langs kysten kan det derimot blåse ein del om vinteren. Enkelte vinterdagar kan temperaturen stige over 10 °C, særleg i sørlege område når ein sørleg fønvind strøymer over fjellrekkjene der.

Våren er like tørr som hausten, og dette er tida på året med flest klårvêrsdagar. Temperaturane kan derimot svinge ein god del, frå nesten sommarlege temperaturar om dagen til frost om natta. Warszawa, som er representativ for klimaet i store delar av Polen, har ein årleg nedbørsnormal på 555 mm, der om lag halvparten fell mellom mai og august.

Tal og fakta[endre | endre wikiteksten]

Landegrenser

totalt: 2888 km

grenseland: Kviterussland 605 km, Tsjekkia 658 km, Tyskland 456 km, Litauen 91 km, Russland (Kaliningrad oblast) 206 km, Slovakia 444 km, Ukraina 428 km

Kystlinje: 491 km

Maritime krav:

eksklusiv økonomisk sone: definert av internasjonale avtalar

territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Vertikale ytterpunkt:

lågaste punkt: Raczki Elblaskie, -1,8 m

høgaste punkt: Rysy 2499 m

Øyar: Wolin, aust for Usedom

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: Kol, svovel, kopar, naturgass, jern, sink, bly, salt, dyrkbart areal

Arealbruk:

Dyrkbar land: 47%

permanente avlingar: 1%

permanente enger: 13%

skogområde: 29%

andre: 10% (1993 est.)

Irrigert land: 1000 km² (1993 est.)

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblema i Polen har minka sidan 1989 på grunn av mindre tungindustri og auka omsyn for miljøet etter kommunismen. I dag har ein problem med luftforureining på grunn av svoveldioksidutslepp frå kolfyrte kraftverk. Den sure nedbøren dette har medført har skade skogar i Polen. Vassforureining frå industri og tettbygde strøk er òg eit problem.

Internasjonale miljøvernsavtalar:

delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktis miljøvernsavtale, Antarktisavtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde.

signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved nitrogrenoksid, persistente organiske stoff og svovel, Kyotoavtalen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]