Polsk złoty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
5-złotymynt

Złoty er valutaen i Polen. 1 złoty = 100 groszy. Valutakoden er PLN.

Den erstatta den polske marken i april 1924, då Polen vedtok ei valutareform for å bøte på hyperinflasjon i etterkant av 1. verdskrig. Złotyen er ei tradisjonell polsk pengeeining som har vore i bruk sidan mellomalderen.

På byrjinga av 1990-talet var inflasjonen i Polen svært stor. Det vart difor tatt bort fire nullar i valutaen, slik at 10.000 gamle złoty vart 1 ny (noverande) złoty.

Myntane omfattar 1 grosz, 2 grosze, 5 groszy, 10 groszy, 20 groszy, 50 groszy, 1 złoty, 2 złote og 5 złotych, mens setlane har pålydande verdiar på 10, 20, 50, 100, 200 og 500 złotych.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Polsk złoty