Polybios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Polybios
Stele des Polybios.jpg
Stele av Polybios, mogleg representasjon
Verkeleg namn gresk Πολύβιος, Polýbios
Fødd 208 f.Kr. (juliansk)
Megalópoli
Død

Ca. 118 f.Kr.
Hellas

Yrke matematikar, historikar, skribent, militær
Språk Gresk, latin
Polybios på Commons

Polybios (fødd ca. 200, død ca. 118 f.Kr.) var ein gresk historikar i hellenistisk tid, kjent for verket Historier, som dekte perioden mellom 264 f.Kr. og 146 f.Kr. Verket skildra framveksten til den romerske republikken og den dominerande statusen hans i verda rundt Middelhavet, og inkluderte hans eiga forteljing som augevitne frå øydelegginga av Kartago i 146 f.Kr. Polybios er særleg viktig for sin analyse av den samansette konstitusjonen, eller maktfordelinga, i den romerske regjeringa. Analysen inspirerte Montesquieu sitt verk L'Esprit des Lois frå 1748 og påverka òg utforminga av den amerikanske grunnloven.[1][2]

Polybios var ein romanisert grekar av høg byrd som sette seg som mål å skriva historia for sine greske landsmenn om Roma sin framvekst og til slutt herredømme over heile Middelhavet. Fokuset hans var kampen mot Kartago i det vestlege Middelhavet, men omfatta òg romarane sine sigrar over Makedonia og Hellas. Framvekstene til Roma førte til at det politiske senteret i den antikke verda flytta seg frå Hellas, Makedonia og Anatolia til Roma, og eit av måla til Polybios var å læra dei greske landsmennene sine om realitetane i den romerske verdsmakta.[3] Som den tidlegare mentoren til Scipio Aemilianus, barnebarnet til den berømte generalen Scipio Africanus, blei Polybios ein ven og rådgjevar av mannen som overvann kartagarane i den tredje punarkrigen. Scipio den yngre invaderte til slutt Kartago og tvinga dei til å overgje seg utan vilkår.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Polybios var fødd rundt 208 f.Kr. i Megalopolis i Arkadia, som då var eit aktivt medlem av Det akhaiske forbundet. Faren hans Lykortas var ein framståande politikar og landeigar som blei strategos (kommanderande general) for Det akhaiske forbundet.[4] Dermed fekk Polybios førstehands kjennskap til politiske og militære spørsmål i Megalopolis.

Den politiske karrieren hans var hovudsakleg retta mot sjølvstendet til det akhaiske forbundet. Som hovudrepresentant for nøytralitetspolitikken under romarane sin krig mot Perseus av Makedonia, fekk han romersk mistanke retta mot seg og var ein av dei 1000 adelsmennene som i 166 f.Kr. blei tekne til Roma som gislar og haldne der i 17 år. I Roma blei han teken imot i dei mest framståande husa på grunn av den kulturelle bakgrunnen sin. Særleg ofte var han hjå Aemilius Paulus, erobreren i den første makedonske krigen, som stolte på han til å utdanna sønene sie, Fabius og den yngre Scipio. I 150 f.Kr. fekk han reisa heim, men allereie neste året drog han med venen sin til Afrika og var til stades ved erobringa av Kartago som han skildrar.

Etter øydelegginga av Korint same året drog han tilbake til Hellas og brukte dei romerske kjennskapa sine til å letta tilstanden der. Polybios blei tildelt oppgåva med å organisera det nye styret i dei greske byane, og i dette embetet skaffa han seg stor heider.

Dei etterfølgende åra ser det ut til han har halde til i Roma, der han var oppteken med å fullføra det historiske verket sitt. I mellom tok han lange turar gjennom middelhavslanda i samband med historieinteressa si, hovudsakleg for å skaffa seg førstehandskunnskap om dei historiske stadane. Det ser òg ut til at han leitte etter og intervjua krigsveteranar for å klargjera detaljar om hendingane han skreiv om. Han fekk tilgang til arkivmaterial for same føremål. Etter at Scipio døydde, reiste han igjen tiblake til Hellas der han døydde 82 år gammal etter å ha falle av hesten sin.

Historikaren[endre | endre wikiteksten]

Titus Livius brukte han som referanse, og Polybios hadde glimrande kjelder. Polybios fortalde om hendingar som kom innanfor hans eigne røynsler. Han er ein av dei første historikarane som freista å presentera historie som ein sekvens av årsaker og effektar basert på nøye undersøkingar av tradisjonar sett saman med ivrig kritikk, delvis på grunn av det han hadde sett sjølv og på grunnlag av augevitne og deltakarar i hendingane. Med eit auge for detaljar og sin karakteristiske fornuftige stil gav Polybios eit sameint syn på historie framfor ein kronologi.

Han er rekna av nokon som etterfølgjaren til Thukydides i objektivitet og kritisk tenking, og er stamfar for lærd, nøyaktig historisk forsking i dagens vitskaplege tenkjemåte. Etter hans syn sette han opp hendingsforløpa med klare, analytiske og fornuftige grunngjevingar, og blant dei årsakene som påverka resultatet, la han særleg vekt på dei geografiske tilhøva. Verket hans tilhøyrer difor dei største verka i antikk historieskrivning. Forfattaren av Oxford Companion to Classical Litterature (1937) lovpriste han for sin «ærlege trufastheit mot sanninga» og for den systematiske leitinga si etter årsakene til hendingane.

På 1900-talet har forfattarskapet til Polybios kome under meir kritisk vurdering. I Peter Green sitt syn (Alexander to Actium) er han ofte ein partisan som har som mål å rettferdiggjera sin eigen og faren sin karriere. Han portretterer usakleg den arkenske politikaren Kallikrates i eit dårleg lys og leier lesaren til å mistenkja at Kallikrates er ansvarleg for at han blei send til Roma som gissel. Meir fundamentalt, då han først var gissel i Roma, så klient for scipioene og til slutt som kollaboratør med romersk styre etter 146 f.Kr., er han ikkje fri til å uttrykkja dei sanne meiningane sine. Green antyder at ein alltid må hugsa at han forklarte Roma for eit gresk publikum og trengde å overtyda landsmennene sine om at det var naudsynt å akseptera romersk styre som han meinte var uunngåeleg. Likevel er historiene til Polybios blitt verande uunnværlege for Green og den beste kjelda for epoken han dekker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Constitution of the United States, Mlloyd.org
  2. Champion, Craige: Polybius on Political Constitutions, Interstate Relations, and Imperial Expansion, Academia.edu
  3. Burrow, John (2009): A History of Histories, Penguin, s. 67
  4. «Titus Livius (Livy), The History of Rome, Book 39, chapter 35». www.perseus.tufts.edu. Henta 2. november 2016.