Polyfyletisk gruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polyfyletisk)
"Varmblodige dyr" er ei polyfyletisk gruppe, sidan han delar inn dyregrupper etter trekk dei har utvikla uavhengig av kvarandre

Ei polyfyletisk (av gresk: poly = mange og fylos = rase) gruppe er i evolusjonsbiologien ei gruppe som består av fleire ulike grupper med ulikt evolusjonært opphav. Dette kjem som regel av at forskarar har tolka like trekk som teikn på slektskap når desse eigentleg har utvikla seg uavhengig av kvarandre hjå dei ulike gruppene. Polyfyli står i motsetnad til monofyli.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.