Polykras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formel(Y,Ca,Ce,U,Th)(Ti,Nb,Ta)2O6
Strunz-klassifisering04.DG.05
Dana-klassifisering08.03.08.01
Identifikasjon
KrystallsystemOrtorombisk - dipyramidalt
KløyvVanleg på {201}
Mohs hardleiksskala5 - 6
GlansVitrøs, feittaktig
StrekfargeBrun
TransparensHalvgjennomskinleg til opak
Spesifikk vekt4,97 – 5,04
Ultrafiolett fluorescensIngen
Andre eigenskaparRadioaktivt

Polykras eller polykras-(Y) er eit svart eller brunt metallisk kompleks av uran, yttrium og oksidmineral med formel (Y,Ca,Ce,U,Th)(Ti,Nb,Ta)2O6. Det er amorft. Polykras har ein Mohs hardleik på 5 til 6 og ein spesifikk gravitet på 5. Stoffet er radioaktivt på grunn av uran-innhaldet (rundt 6 %). Ein finn det i granittiske pegmatittar. Mineralet er nær nærskyldt med euxenitt.

Polykras var først skildra i 1870 frå RasvågHidra ved Flekkefjord.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Polykras finn ein som langstrakte, tavleforma krystallar på fleire stader i mineralgangar i Slättåkra ved Jönköping i Sverige. Det finst i Setesdalen i Noreg og i Nord- og Sør-Carolina og Rocky Mountains i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]