Polyneikes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.

Polyneikes (gresk: Πολυνείκης), eller Polynikes var ifølgje gresk mytologi konge i den greske byen Theben saman med sin bror Eteokles. Han var son av den thebanske kong Oidipus og anten Iokaste eller Euryganeia. Etter at Oidipus vart forvist skulle Polyneikes og Eteokles dele kongemakta ved at dei skulle styra byen i eitt år kvar. Då Eteokles hadde styrt det første året nekta han å gje frå seg makta og jaga Polyneikes ut av byen. Polyneikes samla ein stor hær av allierte greske kongar og angreip Theben. Det kom til kamp mellom der begge brørne vart drepne. Strida mellom brørne er omtalt hos fleire av antikkens historikare, og utgjer eit klimaks og avslutning av hendingane i den såkalte Theben-kretsen, ei rekkje greske tragediar som er bygd på forbannelsene i den thebanske kongefamilien.

Oidipus’ forbannelse[endre | endre wikiteksten]

Oidipus forbanner sin son Polyneikes (Henry Fuseli, 1786)

Polyneikes’ farfar, kong Laios, fekk ein spådom frå Orakelet i Delfi om at han ikkje måtte få nokon son, for i så fall ville sonen drepa sin far og gifta med seg hans enke. Laios og Iokaste fekk likevel ein son, og han vart sett ut på fjellet for å døy. Barnet vart funne av ein gjeter og han vart oppfostra av kong Polybos av Korint og hans dronning Merope. Barnet fekk namnet Ødipus. Han kjende ikkje sina verkelege foreldre og under eit tilfeldig møte kom han til å ta livet av Laios. Seinare kom han til Theben der det skulle utpeikast ein ny konge. Oidipus vart valt, og han gifta seg med enka til den førre kongen, Iokaste utan å vita at det var hans eiga mor. Dei fekk fira barn, sønene Eteokles og Polyneikes, og døtrene Antigone og Ismane. Då blodskamma kom for ein dag tok Iokaste sit eige liv, og Oidipus blinda seg sjølv og vart utvist frå Theben.[1][2]

Då kong Oidipus drog vanæra frå Theben måtte hans to søner verta samde om korleis dei skulle dela riket. Det er fortalt fleire variantar av denne deling. I skrifter etter Hellanicus av Lesbos hevdast det at Eteokles tilbaud broren anten å styra byen eller å få ein del av eigedomane. Hos Perecydes av Leros heiter det at Eteokles tvinga broren ut av byen og overtok styret sjølv. Både Apollodorus (eller «Pseudo-Apollodorus») (i Bibliotheca) og Diodorus Siculus (i Bibliotheca historica) har skrive at brørne vart samde om å dela på makta slik at dei styrde Theben eitt år kvar. Då Eteokles hadde styrt eitt år, nekta han å gje frå seg makta til broren.[3]

Ifølgje enkelte primærkilder kasta Oidipus ein forbannelse over sina to søner, Eteokles og Polyneikes. Sitat

And the avenging Fury of the gods failed not to hear him as he prayed that they might never :::divide their father’s goods in loving brotherhood, but that war and fighting might be ever
the portion of them both. (…)
So he prayed to Zeus the king and the other deathless gods that each
might fall by his brother’s hand and og down into the house of Hades


Angrepet på Theben[endre | endre wikiteksten]

Polyneikes rømde til kong Adrastos i ArgosPeloponnes. Ved ein tilfeldighet kom han i slåsskamp med ein Tydeus frå Etolia inne i palasset til kongen. Adrastos tolka hendinga ut frå eit orakelsvar han hadde fått, og fekk det for seg at han skulle gifta bort sine to døtrer til Polyneikes og Tydeus. I tillegg til kongdottera Ardea, fekk Polyneikes dermed òg Adrastos’ militære støytte til eit felttog mot Theben, og han fekk følgja av dei andre argiviske kongane. Disse gjekk til krig mot Theben («Dei sju mot Theben»).[4][3] Mengda henspiller på dei sju byportene i Theben, der dei angripande Argos-kongane gjekk mot kvar sin port. Ifølgje Aiskhylos’ skodespel Dei sju mot Theben var dei allierte:

  • Tydeus, konge over aiolerne, som angreip Proitosporten. Denne vart forsvart av Astakos.
  • Kapaneus, son av Hipponous, som angreip Elektraporten. Forsvart av Polyfontes.
  • Eteoklos, son av Ifis, angrep Neiteporten. Forsvart av Megareos.
  • Hippomedon angreip Athena Onkas-porten. Forsvart av Hyperbios.
  • Parthenopeus angreip Amfionporten som vart forsvart av Aktor, bror til Hyperbios.
  • Amfiaraos angreip Homoloisporten, som vart forsvart av Lasthenes.
  • Den sjuande porten vart angripen av Polyneikes’ eigen hær, medan den innanfrå vart forsvart av Eteokles. Kampen enda med at brørne gjekk i tvekamp der dei fall for hverandres våpen. Åtakarane vart slegen tilbake og Iokastes bror Kreon overtok styret i Theben.

Gravlegginga[endre | endre wikiteksten]

Lika av Eteokles og Polyneikes berast bort etter slaget om Theben. (Alfred John Church)

I Sofokles’ tragedie Antigone, held Polyneikes’ historie fram etter hans død. Kong Kreon, som vart konge etter Eteokles, avgjorde at Polyneikes ikkje skulle gravleggjast, noko som etter gresk skikk og religion var ei stor vanæra. Antigone, hans syster, utfordra Kreon ved å gravleggja broren likevel. Kreon dømde ho til døden til trass for at ho var forlova med Kreons son Haimon. Antigones syster Ismane erklærde at ho hadde hjelpt Antigone og ønsket same skjebne. Antigone vart levande gravlagt medan gudane, via den blinde profeten Tiresias, gav uttrykk for si misnøye med Kreons beslutning. Dei overtydde han om å oppheva sin ordre. Han gjekk då for å gravleggja Polyneikes sjølv, og ville sleppa Antigone fri. Men ho hadde allereie hengt seg i staden for å gravleggjast levande. Då Kreon kom til grava der ho skulle døy, fann han òg sonen Haimon død ved sida av Antigone. Då Kreons kone, Eurydike fekk vita om deres død, tok ho òg sit eige liv.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Historiene om dei mytiske kongane i Theben, stridighetene mellom dem og gudane, og familien sin forbannelse i fleire slektsledd er omtalt hos ei rekkje av dei antikke historikarane og poetane. Mest kjend i ettertida er likevel versjonane som er gjeve av dei store tragedieforfattarane.

Dei sju mot Theben[endre | endre wikiteksten]

Eiden til dei sju høvdingar (Alfred John Church)

Eteokles er hovudpersonen i dramaet Dei sju mot Theben av Aiskhylos. Dramaet skildrar situasjonen i Theben når dei allierte kongshærene åtakar. Stykket byggjast opp mot det dramatiske høgdepunktet når Eteokles og Polyneikes møtest i kamp og begge fell. I slutten av den tekstversjonen som er overlevert til vår tid verta konflikten reist om gravleggingen av brørne. Kreon, den nye kongen, avgjer at Eteokles skal gravleggjast som konge, medan broren Polyneikes skal liggja ubegravet, noko som er svært vanærande innan den greske trua. Litteraturforskaren Albin Lesky meiner dette er eit tillegg som er skrive til ei seinare oppsetning etter Aiskhylos’ død.[5]

Oidipus i Kolonos[endre | endre wikiteksten]

I Sofokles’ tragedie Oidipus i Kolonos har Polyneikes ei rolle der han oppsøkjer sin blinde far Oidipus for å be om hans hjelp til å avsetja Eteokles. Oidipus nektar, og han framfører sin forbannelse over sina søner fordi dei har jaga han ut av Theben.[6]

Antigone[endre | endre wikiteksten]

Antigone gravlegg den daude Polyneikes (Nikiforos Lytras, 1865)

Sofokles har òg skrive stykka Antigone der handlinga er lagt til hendingane etter at Eteokles og Polyneikes er drepe. Hovudtemaet er systera Antigones trass mot Kreon når ho sjølv gravlegg Polyneikes og vert sendt i døden på grunn av dette.[7]

Fønikerinnene[endre | endre wikiteksten]

Dramatikeren Evripides lèt i stykket Fønikerinnene kampen mellom Eteokles og Polyneikes stå medan Oidipus og Iokaste enno er i live. Stridtemaet om kongemakta i Theben er det same, og forfattaren lèt her kampen avgjerast med ein avsluttande tvekamp mellom brørne. Når begge dør i kampen tek Iokaste sit eige liv, medan den blinde Oidipus legg ut på vandring leidd av dottera Antigone.[8]

Hiketidene (Dei bønnfallande)[endre | endre wikiteksten]

Evripides har skrive dette dramaet om etterspillet etter kampen der Polyneikes’ svigerfar, kong Adrastos har innsett nederlaget og der han ber den athenske kong Thesevs om hjelp til å få utlevert lika av dei falne i Theben etter at Kreon har erklært at dei ikkje skal gravleggjast. Tesevs klarer gjennom forhandlingar å få utlevert lika slik at deres mødrer kan gravleggja dem.[9]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Apollodorus (2008). The Library of Greek Mythology (engelsk). Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-953632-0.  Apollodorus (2008). The Library of Greek Mythology (engelsk). Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-953632-0.  
  • Aiskylos, Sofokles, Euripides (2005). De grekiska tragedierna (svensk). Omsett av Emil Zilliacus. Vertigo förlag. ISBN 91-973099-1-5.  Aiskylos, Sofokles, Euripides (2005). De grekiska tragedierna (svensk). Omsett av Emil Zilliacus. Vertigo förlag. ISBN 91-973099-1-5.  CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)Aiskylos, Sofokles, Euripides (2005). De grekiska tragedierna (svensk). Omsett av Emil Zilliacus. Vertigo förlag. ISBN 91-973099-1-5. 
  • Hesiod, Homer (1920). The Thebaid, i Hesiod, the Homeric hymns, and Homerica (engelsk). Omsett av Hugh G. Evelyn-White. London. s. 485.  s. 485. 
  • Lesky, Albin (1995). Den greske tragedie. Gyldendal. ISBN 82-05-22991-0.  Lesky, Albin (1995). Den greske tragedie. Gyldendal. ISBN 82-05-22991-0.  
  • Eirik Vandvik (1963). Blant gudar på Olymp. Oslo: Det norske samlaget. Oslo: Det norske samlaget.