Polytypi i mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polytypi er ei form for polymorfi av éin-dimensjonal karakter. Hos stoff med sjiktgitterstruktur kan dei einskilde laga i strukturen vere stabla på kvarandre i ulik orientering, slik at kvar identisk lagpakke kan bestå av éit eller fleire enkeltlag. Polytype variantar finst til dømes hos molybdenitt, kaolinmineral (kaolinitt, dickitt, nakritt) og hos glimmerar. Nemningar som muskovitt 1M eller 3T tyder høvesvis ein éit-lag muskovitt med monoklin symmetri og ein tre-lag muskovitt med trigonal symmetri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]