Pommernbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pommernbukten)
Satellittbilete av Stettiner Haff og Pommernbukta (i nord)

Pommernbukta (polsk: Zatoka Pomorska; tysk: Pommersche Bucht) er ei bukt sørvest i Austersjøen ved kysten av Polen og Tyskland.

Sør for bukta ligg Stettiner Haff der elva Oder munnar ut, og mellom desse to sjøområda ligg øyane Usedom/Uznam og Wolin der tre sund knyter Pommerbukta og Stettiner Haff i saman: Dziwna, Świna og Peenestrom. I vest ligg den tyske øya Rügen, og i nord den danske Bornholm.

Det største djupet i bukta er er berre 20 meter og saliniteten er om lag 8‰. Det er laga ein djupare vassveg over Pommernbukta frå hamna i Szczecin via elva Oder, Stettiner Haff og Świna, slik at større skip kan nå hamna i Świnoujście og Szczecin.

Dei viktigaste hamnebyane er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]