Pomorar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei gruppe pomorar

Pomorar (russisk помо́ры, pomóry, av po, «ved» og more, «hav»; «kystbuarar» eller «folk som bur ved havet») er russiske innbyggjarar langs kysten av Kvitsjøen (russisk: Белое море, Béloje móre, IPA: [ˈbʲeləjə ˈmorʲe]).

Så tidleg som på 1100-talet kom russiske reisande frå Novgorod ned elvemunningen til Nordre Dvina og ut i Kvitsjøen, der dei oppretta bustader langs kysten. Dei heldt fram austover så langt som forbi Uralfjella til områda i Nord-Sibir og grunnla byen Mangazeja mellom elvene Ob og Jenisej.

Pomorane oppretta ei nordleg handelsrute austover mellom Arkhangelsk og Sibir. Vestover dreiv dei òg handel langs kysten av Nord-Noreg, som frå midten av 1700-talet til byrjinga av 1900-talet vart kalla pomorhandel. Hovudbyen deira var Kholmogorij, som er heimbyen til dei meste kjende pomorane, Mikhail Lomonosov og Semjon Dezjnjov. Etter at Sovjetunionen fall har det vore diskutert om pomorane skal anerkjennast som eit urfolk og koma på lista over russiske urfolk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]