Pomorijskosjøen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Pomorijskosjøen | |
innsjø | |
Land | ![]() |
---|---|
Innsjøtype | Lagune |
Lengd | 6,7 km |
Breidd | 2,0 km |
Areal | 8,5 km² |
Koordinatar | |
Wikimedia Commons: Lake Pomorie | |
Pomorijskosjøen eller Pomoriesjøen (Поморийско езеро) er den nordlegaste av Burgassjøane i Bulgaria. Han ligg tett opp til Svartehavet, like ved landsbyen Pomorie og litt nordvest for Burgas. Han har eit areal på 8,5 km², ei lengd på 6,7 km og ei breidd på 1,8-2 km. Han er skild frå Svartehavet av ei smal sandstripe og ei kunstig dike, og er ein svært salt naturleg lagune.
Pomorijskosjøen har vore eit verna område sidan januar 2001. I den nordlege delen av innsjøen hentar ein opp havsalt og helbredande gjørme. Innsjøen ligg langs ruta til mange trekkfuglar, og opp til 215 forskjellige fugleartar er å finne i innsjøen, fire av desse er globalt utryddingstrua.