Pontius Pilatus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pontius Pilatus
Luca signorelli, stendardo della flagellazione, flagellazione, dettaglio pilato.jpg
Namnlatin Pontius Pīlātus, gresk Πόντιος Πιλᾶτος, Póntios Pilâtos
Fødddesember 12 f.Kr. (juliansk)
FødestadAbruzzo
Daud38 (juliansk)
DødsstadGallia
Yrkepolitikar, militær
Ecce Homo («Sjå mennesket!»), Antonio Ciseri si tolking av Pontius Pilatus som viser fram ein piska Jesus frå Nasaret til innbyggjarane i Jerusalem.

Pontius Pilatus var ein romersk guvernør eller prefekt i Palestina, den dåverande romerske provinsen Judea, frå år 26/27 til rundt år 36/37 e.Kr under keisar Tiberius.[1] Han er mest kjend frå Bibelen der han er den som tok den endelege avgjerda om Krossfestinga av Jesus.

Dei biografiske detaljane om livet hans før og etter stillinga hans i Judea er stort sett ukjende, men har vorte utvida av legendarisk material som hevdar at namnet til kona hans var Procula (ho er kanonisert som ein helgen i Den ortodokse kyrkja) og at fødestaden hans var i Fortingall i Perthshire i Skottland. Pilatus sjølv er ein helgen i Den etiopiske ortodokse kyrkja.

Ein antikk inskripsjon som er kjend som Pilatus-steinen, stadfestar utover den bibelske omtalen at han var ein historisk figur og etablerer tittelen hans som prefekt. Han er i tillegg kortfatta omtalt av Tacitus, Filon av Alexandria og Josefus, i tillegg til dei fire kanoniske evangelia; Apostelgjerningane; Paulus’ fyrste brev til Timoteus; Nikodemusevangeliet; Markionevangeliet, og andre apokryfiske verk. Basert på desse kjeldene verker det som om Pilatus var ein equites frå familien Pontii (gens Pontia), og etterfølgde Valerius Gratus som prefekt av Judea i år 69. Like etter at han byrja i stillinga fornærma han dei religiøse kjenslene til undersåttane sine, noko som førte til hard kritikk frå Filon, og mange tiår seinare også frå Josefus, som skreiv om det rundt år 93.[2] Pilatus blei avsett og send tilbake til Roma av Lucius Vitellius etter å ha slått ned eit opprør av samaritanarane med harde middel. Han kom tilbake like etter at Tiberius døydde den 16. mars i 37. Pilatus blei erstatta av Marcellus, en venn av Lucius Vitellius.

I alle dei fire evangelia er det framstilt som at Pilatus prøvde å hindra avrettinga av Jesus, og først bøygde seg då menneskemengda nekta å gje seg. Han søkte deretter å frasi seg personlig ansvar for Jesu død. I Evangeliet etter Matteus vaska Pilatus hendene sine for å vise at han ikkje er ansvarleg for avretting av Jesus, og sende han deretter motvillig i døden.[3] I Evangeliet etter Markus er Jesus framstilt som uskyldig i å driva samansverjing mot Romarriket og framstiller Pilatus som motvillig i å avretta han.[3] I Evangeliet etter Lukas er Pilatus ikkje einig i at Jesus har konspirert mot Roma, men heller ikkje Herodes Antipas, tetrarken av Galilea, fann noko forrædersk i handlingane til Jesus.[3] I Evangeliet etter Johannes uttalte Pilatus at «Jeg finner ingen skyld hos denne mannen.»[4] og han spurte jødene om Jesus burde bli løslatt fra varetekt.[5]

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

Bronsemynt (prutah) prega av Pontius Pilatus
Motsett: Greske bokstavar ΤΙΒΕΡΙΟΥ ΚΑΙΣΑΡΟΣ (av Tiberius Cæsar) og datert LIS (år 16=29/30 e.Kr.) omgjeven av simpulum (drikkofferause).
Motstykke: Greske bokstavar ΙΟΥΛΙΑ ΚΑΙΣΑΡΟΣ (Julia, Cæsars (keisaren) (si mor Livia / Julia Augusta), tre bundne bygghovud med dei ytre hovuda hengande.

Ein inskripsjon som er vorte funnen ved Caesarea Maritima (som ligg ved kysten mellom Tel Aviv og Haifa i dagens Israel) kallar Pontius Pilatus for prefekt av Judea,[6] medan Tacitus omtalar han som promagistrat av denne provinsen.[7]

Førenamnet til Pilatus er ikkje kjent. Det fanst ikkje meir enn ca. 20 romerske gutenamn i bruk, men anten han har fått førenamnet Gaius eller Markus, ville familienamnet ta over etterkvart som han voks opp. Familienamnet Pilatus tyder 'spydkastar'. Pilum var ein type spyd med treskaft på ein til fem fot med smalnande spiss av jarn. Når denne bora seg inn i skjoldet til ein fiende, bøygde skaftet seg og vart hengande ned, slik at ein ikkje kunne kasta spydet attende.[8][9]

Rolla til Pilatus i verdslege oppteikningar[endre | endre wikiteksten]

Ein standard romersk denarius av sølv

Det meste som ein veit om Pilatus som ikkje står i evangelia kjem frå skriftene til den jødiske historikaren Josefus (ca. 37–ca. 100 e.Kr.). Pilatus skal ha vist ein mangel på forståing for jødiske kjensle, og Josefus gjev to døme:

  • Då soldatane under Pilatus sin kommando kom til Jerusalem lét han dei bera flagga sine med seg og med det vanlege biletet av keisaren. Flagga vart frakta inn om natta, men vart raskt oppdaga og jødane strøymde i store mengder til Caesarea for å få dei fjerna, fordi dei oppfatta dei som krenkande. Pilatus overhøyrde protestane i fem dagar, men den neste dagen lét han høyra på klagene. Han lét jødane omringast av soldatar og truga med at dei skulle drepast om dei heldt fram å plaga han med dette spørsmålet. Jødane kasta seg til bakken, blotta nakkane sine og erklærte at dei føretrekte døden framfor å vanheilage lovane sine. Pilatus som ikkje var lysten på å drepa så mange, gav etter og fjerna flagga.

Josefus namngjev ikkje leiaren av den ikkje-valdelege motstanden, men i Testimonium Flavianum (eit verk som enno er omdiskutert om er ekte) berre fire vers seinare fortel han at Pilatus gav ordre om krossfesting av ein som vart kalla for Jesus. Det har difor vorte argumentert at leiaren for opprøret var Jesus av Nasaret, men religionshistorikarar har gjeve lita vekt til denne slutninga.

Filon frå Alexandria, eller Philo Judaeus, har slege fast at ved eit anna høve dediserte Pilatus nokre forgylte skjold til ære for keisaren på palasset til Herodes Antipas. Desse skjolda var ikkje ein representasjon av noko som var krenkjande eller forbode, men berre ein inskripsjon av namna til Pilatus sjølv og keisaren. Jødane oppsøkte han likevel for å få dei fjerna, og då han nekta appellerte dei til keisar Tiberius sjølv som gav ordre om at hyllesta skulle flyttast til Caesarea.

Pilatus skal ha tvangsinndrege økonomiske middel som fall til tempelet for å byggja ein akvedukt, noko to nedteikningar hjå Josefus syner:

Ved eit anna høve brukte han dei heilage skattane til tempelet, kalla for corban (qorba), til å betala for å frakta vatn inn i Jerusalem ved ein akvedukt.

Ei menneskemengd kom saman og kom med høglydte krav mot han, men han hadde late soldatar kledast som sivile for å blanda seg i mengda, og på eit gjeve signal kasta dei seg over opprørarane og banka dei såg hardt med stokkar at opprøret vart knust.

Pilatus kan moglegvis ha reagert så strengt mot dei urolege sidan at dei romerske naboprovinsane ikkje var i stand til å gje han militær støtte.

I tida rundt 36 e.Kr. nytta Pilatus arrestasjonar og avrettingar for å knusa noko som synest å ha vore ein samarittisk, religiøs våpenprosesjon som kan ha vore tolka som eit opprør. Etter klager til Vitellius, den romerske legaten i Syria, vart Pilatus kalla attende til Roma for å forsvara seg sjølv, og ifølgje soga skal han ha teke livet av seg. Noko slikt sjølvmord har inkje historisk grunnlag. Ifølgje Eusebius vart han derimot forvist til Vienne i Gallia (Frankrike), medan han ifølgje med Malalas-krønikene vart halshoggen under keisar Nero.

Pilatus i dei kristne evangelia[endre | endre wikiteksten]

'Jesus Kristus vert ført fram for Pilatus' (1881) av Mihály Munkácsy

Ifølgje Det nye testamentet vart Jesus ført fram for Pilatus av dei jødiske autoritetane i Jerusalem etter at dei hadde arrestert og forhøyrt han, og fått svar som dei meinte var blasfemiske.

Pilatus spurde Jesus om han såg på seg sjølv som «Kongen til jødane».

I det påfølgjande forhøyret ved Pilatus, i samsvar med Johannesevangeliet, slo Jesus fast at han er komen til verda [...] for å vitna om sanninga [, og] kvar den som er av sanninga, høyrer min røst, til kva for eit Pilatus svarar Kva er sanning?

Pilatus tilbyr jødane valet mellom å lauslata ein fange i samsvar med Pesach-tradisjonane, den jødiske påska, og dei vel å lauslata ein forbryt ved namn Barabbas framfor Jesus. Markusevangeliet gjer det klårt at Pilatus hadde følgt konflikten mellom Jesus og prestane, og var av den formeining at den botna i avundsjuke. Han innsåg at Jesu «kongedømme» ikkje innebar nokon trussel mot Roma. Opplært til å utøva det romerske mandatet («debellare superbos eit parcere subjectis» – slå ned dei hovmodige og spara dei underlegne) var Pilatus heile tida overtydd om at Jesus var uskyldig i dei tiltalene som vart bringa mot han, og fortente ikkje nokon dødsstraff. Berre då han vart konfrontert med valet mellom si eiga politiske framtid og Jesu si lauslating, bøygde Pilatus seg for kravet til folket og tillét at Jesus vart korsfesta. Pilatus’ eigen avsmak vert vist i at han hånar dei tilstedeverande ved å seia: Kva vil de då eg skal gjera med han som de kallar jødanes konge? Svaret til prestane er Vi har ingen annan konge enn keisaren, noko som er ein tvilsam påstand ved at Judea sidan år 63 f.Kr. hadde vore ein uavhengig nasjon i allianse med Roma, og ikkje ein provins erobra av Roma, og det gav Pilatus ei slag unnskyldning for å setja lovas bokstav til side for eiga personleg vinning.

Markusevangeliet fortel at før Pilatus dømde Jesus til døden, vaska han hendene sine føre menneskemengda som kravde Jesu død, og sa: Eg er uskyldig i denne mannens blod.

Spørsmålet om ansvaret for Jesu død[endre | endre wikiteksten]

I alle opptegnelser i Det nye testamentet nølte Pilatus med å dømma Jesus inntil menneskemengda insisterte. Nokon har foreslått at dette kan ha vore eit forsøk frå tidlege kristne polemikarar på å stilla romarar i eit heldig lys, ved å leggja ansvaret for Jesu død på jødane, og at det var ein del av ein plan hos dei Paulus-trudde kristne, med det føremålet å marginalisere den jødisk-kristne sekta som vart kalla for ebionittane.

Seinare, etter at den romerske staten avslutta sin forfølging av kristne, tok kyrkja i bruk Den nikenske truvedkjenninga (frå år 325 og Det første kyrkjemøtet i Nikea, samankalla av keisaren sjølv). Der vart det slege utvitydig fast at Jesus «var krossfesta under Pontius Pilatus». Det kristne Roma var dermed førebudd på å kritisera sjølv relativt nylege handlingar av ein heidensk romar. Andre har føreslått at hovudårsaka for inkluderinga var å slå fast overtydinga om at Jesus var eit ekte menneske som levde på eit særskilt tidspunkt og på ein særskild stad.

Pilatus i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Det finst liten faktisk kunnskap om Pilatus, men mytologien har fylt hola på sin måte. Fiktive hendingar har vorte bygde rundt Pilatus sin dramatiske skikkelse frå kristne som ynskte å læra meir enn kva dei kanoniserte evangelia avsløra.

Mytisk fødestad i Skottland[endre | endre wikiteksten]

Ei munnleg forteljing i Skottland held fast på at Pontius Pilatus vart fødd i Fortingall ikkje langt frå Kenmore i Perthshire, som ligg i den austlege enden av dalen Glen Lyon og 13 km vest for Aberfeldy. Etter sigande var faren ein romersk offiser som vart send som ambassadør på eit fredsoppdrag til den piktiske kongen Metellanus som styrte frå år 10 f.Kr. og til 29 e.Kr., og oppheldt seg i festninga Dun Geal overfor dagens Fortingall. Arkeologane har funne restane av eit romersk fort i utkanten av landsbyen. Her skal romaren ha involvert seg med ei lokal kvinne, kanskje frå Metellanus’ eige hus, og resultatet vart ein son som vart fødd på staden. Ambassadøren tok seinare familien med seg tilbake til Roma.

Eit folkeminne i Tyskland fortel at fødselen hans var i Forchheim, eller i ein liten landsby kalla Hausen som ligg fem kilometer frå denne.

Det vert òg sagt at familien til Pontius Pilatus har samband til regionen Pilat i nærleiken av den franske byen Lyon, der han vert sagt å ha døydd i høg alder. Historikarane vil understreka at det finst ingen faste holdepunkt for verken den skotske, tyske eller det franske sambandet, men det tyder ikkje at legendene er usannsynlige.

Den antikke steininskripsjonen ein fann i 1961 i Caesarea Maritima, hovudstaden i provinsen Judea, «Pilatus-steinen», har den noko øydelagde teksta Tiberieum Pontius Pilatus, det vil seia ein Pontius Pilatus av Tiberieum. Dedikasjonen slår fast at han var prefectus (vanlegvis skriven praefectus), det vil seia guvernør av Judea. Ordet Tiberieum er derimot ukjent, men nokre forskarar meiner at det kan visa til eit tempel, kanskje bygd til ære for keisar Tiberius. Ein anna forklaring som har vore nemnt, er at det står Hiberieum. På Pilatus si tid refererte romarane til dei nordlege regionane av dei britiske øyane som Hibernia. Problemet til den skotske myten er at sjølv om Julius Cæsar invaderte sørlege England i år 55 f.Kr., rykte ikkje romarane inn i Skottland før i år 43 e.Kr.

Mytisk endelikt[endre | endre wikiteksten]

Faren til kyrkjehistoria, Eusebius av Cæsarea, siterer i Historia Ecclesiae nokre tidlege apokryptiske oppteikningar som han ikkje identifiserer nærare, om at Pilatus kom i unåde under keisar Caligula, vart send i eksil til Gallia og til slutt utførte sjølvmord der i byen Vienne. Andre detaljar kjem frå mindre truverdige kjelder. Mors Pilati ('Pilatus’ død') fortel av liket hans vart kasta i elva Tiber ved Roma, men vatnet vart så forstyrra av vonde ånder at det vart frakta til Vienne og senka i Rhône. Eit monument i Vienne som vert kalla for Pilatus’ gravstad står enno. Sidan også vatna i Rhône avviste liket, vart det igjen fjerna og senka i ein innsjø ved Lausanne. Den endelege plasseringa var eit djupt og avsidesliggande fjellvatn (sjå Pilatus-fjellet ved Luzern, som i samsvar med ein seinare tradisjon enno ber namnet hans. Kvar langfredag skal kroppen hans koma opp frå vatnet og vaskar hendene sine.

Døden til Pilatus vart dramatisert i eit mellomaldersk mysteriespel i Cornwall i England, kalla Ordinalia.

Helgenstatus[endre | endre wikiteksten]

I den koptiske kyrkja i Egypt vart Pontius Pilatus opphøgd til helgen. Etter den koptiske tradisjonen omvende han seg i all løyndom til kristendomen nokre år etter at Jesus vart krossfesta. Den viktigaste påverknaden skal ha vore kona hans Claudia Procula. Både Pilatus og Claudia blir feira som helgenar den 25. juni. I den austlege ortodokse kyrkja vert Claudia Procula feira som helgen, men ikkje Pilatus sjølv, sidan evangelia fortel at Claudia bønnfall Pilatus om å ikkje ha noko å gjera med Jesus. I nokre austlege ortodokse tradisjonar utførte Pilatus sjølvmord på grunn av angeren sin over å ha dømt Jesus til døden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lendering, Jona: «Judaea», Livius.org.
  2. Flavius Josefus: Ioudaike archaiologia (Jewish Antiquities, Jødisk oldtid), 18.89.
  3. 3,0 3,1 3,2 Harris, Stephen L. (1985): Understanding the Bible. Palo Alto: Mayfield.
  4. Nettbibelen: Evangeliet etter Johannes 18:38
  5. «John 18:38–39 ESV – My Kingdom is Not of This World», Bible Gateway.
  6. Vardaman, Jerry (1962): «A New Inscription Which Mentions Pilate as 'Prefect'», Journal of Biblical Literature. 81, s. 70–71.
  7. Tacitus: Annaler, 15.44
  8. «Pilate», Wiktionary
  9. Wroe, Ann (2001): Pilate, New York: Modern Library, ISBN 0-375-75397-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]