Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandhed til Gudfrygtighed.djvu
Forfattar(ar)Erik Pontoppidan
Utgjeven1737

Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme, på folkemunne «Pontoppidan» eller «Pontoppidans forklaring» er ei bok som har den fulle tittelen «Sandhed til Gudfrygtighed, udi en eenfoldig og efter Muelighed kort dog tilstrekkelig Forklaring over Sal. Doct. Mort. Luthers Liden Catechismo, Indeholdende alt det, som den, der vil blive salig, har behov, at vide og giøre. Paa Kongelig allernaadigst Befalning, til almindelig Brug.»[1] Boka er skriven av den danske teologen Erik Pontoppidan og vart første gong utgjeven i 1737. Pontoppidan var pietist, og skreiv denne boka på ordre av kong Kristian VI av Danmark-Noreg som lærebok i kristendomskunnskap i skulen. Alle som skulle konfirmerast i Danmark-Noreg, måtte læra seg å hugsa store delar utanboks.

Oppbygning[endre | endre wikiteksten]

Sandhed til Gudfryktighet er forma som spørsmål og svar om tru i protestantisk kristendom. I tidlege utgåver var det 759 spørsmål, i seinare utgåver er det 750 spørsmål, då nokra vart slegne saman. Boka er bygd opp som ei aktualisering og utdjuping av Luther si litle katekisme og har desse kapitla:

  • Om Loven
  • Om Troen
  • Om Bønnen
  • Om Dåpen
  • Om Nattverden
Døme på spørsmål og svar[endre | endre wikiteksten]
  • 273(280) Hvilken er den første Aarsag?
Guds retfærdige Vrede og Nidkiærhed, som truer med å straffe alle modtvillige Overtrædere.
  • 345(352) Hvad har Gud skabt?
Himmel og Jord, og alt det, der er udi, nemlig Soel, Maane, Stierner, Planeter, Elementer, Dyr, Fugle, Fiske, Orme og en utallig Mængde af andre ting, som tiener til Guds ære og vort Gavn; skiønt vi ey kiende dem alle. 1. Mos. 1.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I Danmark var «Pontoppidan» pensum til 1794, men i Noreg var boka i bruk til innpå 1900-talet. I Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn har boka vore bruka heilt fram til i dag, difor er ho framleis å få kjøpt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandhed til Gudfryktighed som innskanna web-bok

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]