Popkorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pocorn.
Maiskorna etter å ha vorte tekne av maiskolbane og gjort til råstoff for mellom anna pocorn.

Popkorn (frå engelsk: popcorn) er ein matrett laga av rista maiskorn[1] (corn er den USA-amerikanske nemninga for mais). Retten vert laga ved at korn frå puffmais (Zea mays var. microsperma) vert varma i matolje i ei gryte, eller i ein mikrobølgjeomn. Maiskorna har eit tjukt, hardt skal, men inni dei er det stivelsesrikt materiale og litt vatn. Når kornet vert varma opp, går vatnet inne i det over til damp, som får kornet til å vida seg ut til det sprekk, samstundes som stivelsen vert gjort om til skum som størkner i varmen. Somme typar mais passer betre til å lage popkorn av enn andre.

Popkorn er ei gamal oppfinning, lagd av folket i Amerika allereie for mange tusen år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «popkorn» i Nynorskordboka.
  • «Popcorn» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. mai 2015.