Poppa-Lars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poppa-Lars
Fødd19. juni 1973 (50 år)
FødestadNarvik
AliasLars Sandness
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somDJ, rappar

Lars Audun Sandness (fødd 19. juni 1973), kjend under artistnamnet Poppa-Lars, er ein norsk hiphop-DJ og produsent frå Harstad, som er mest kjend frå Tungtvann. Han har produsert alle albuma til gruppa unnteke bonusspora på Siste skanse, i tillegg til å ha jobba med mellom annaa Herreløse og den svenske rap-duoen AFC. Artistnamnet sitt har han frå Poppa Large, ei plate Ultramagnetic MCs gav ut seint i 1980-åra.

Musikalske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Poppa-Lars lagar hovudsakleg samplebaserte beats bygd rundt eit skjelett av sampla trommelydar. På «Nord og Ned» og «Mørketid» var alle beatsa lagd på denne måten, med eit par små detaljar av studiomusikarar, men på EPen «Påfyll» tok han til å eksperimentera med instrument på nye måtar: Han let røynde musikarar improvisera over gjevne tema, for så å handsama opptaket på same måte som eit sample. Med tida har det vorte fleire og fleire instrument, og på «III: Folket bak Nordavind» var det tilmed ein song der ikkje eit trommeslag var programmert.

Produksjonsutstyret Lars lagar musikk med består av ein AKAI MPC 3000 (tidlegare MPC 60), ein Mac med programmet Logic og ein Mackie D8B-miksar. Dei tidlege beatsa til Lars var tungt inspirert av klassiske austkystprodusentar som Da Beatminerz og DJ Premier. No om dagen er favorittprodusentane hans folk som Rick Rock, Just Blaze og Timbaland.

Poppa-Lars og Jørg-1 frå Tungtvann vann Edvard-prisen 2001 i klassen populærmusikk - open klasse for Nord og ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]