Poretrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Poretrykk er trykket i porer i undergrunnen frå ei væske eller ein gass.

Porevasstrykk vert i hydrologien nytta om grunnvatnet, medan ein i petroleumsgeologi nyttar formasjonstrykk om trykket frå gass eller olje.

I porøse bergartar med høg permeabilitet, der porevatnet kan strøyme fritt til overflata, vil poretrykket vere lik hydrostatisk trykk, som er vekta av væska over. Om den porøse bergarten ligg under eit tett lag og har låg permeabilitet, vil ein kunne få høgare poretrykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gundersen, Nils. (2011, 20. oktober). Poretrykk. I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/poretrykk.