Poria Illit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poria Illit
landsby
Land  Israel
Region Genesaretsjøen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°44′11.04″N 35°32′36.95″E / 32.7364000°N 35.5435972°E / 32.7364000; 35.5435972
Folketal 1 162 (2019)[1]
Grunnlagd 1912 (første)
1940 (første reetablering)
1955 (andre reetablering)
Kart
Poria Illit
32°44′11″N 35°32′37″E / 32.7364°N 35.543597222222°E / 32.7364; 35.543597222222
Wikimedia Commons: Poria Illit

Poria Illit (hebraisk פּוֹרִיָּה עִלִּית, tyder Øvre Poria) er eit felleskap nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 673.

Området vart først busett i 1912 og driven som ein gard av jødiske emigrantar under den andre Aliyah. Dei første nybyggjarane drog der frå då fyrste verdskrigen braut ut, og landområde låg aude fram til 1940. Det året slo ein kvutza frå Noar HaOved kalla Alumot seg ned i området. Dei renoverte dei opphavlege basaltsteinhusa og kalla landsbyen Poria Alumot. Men i 1947 fekk dei ein permanent stad for kibbutzen sin i Bitania Illit, ein ås ovanom Poria. Den nye kibbutzen vart kalla Alumot.

Ei ny gar'in-gruppe kom til staden og oppretta ein ny kibbutz kalla Poria, men vart demontert i 1949 og dei fleste innbyggjarane flytta til Alumot. Ei anna gruppe nybyggjarar oppretta ein ny landsby i 1955.[2] Landsbyen vart driven utan ein administrasjon og det var først i 1991 at han vart offisielt anerkjent som ein separat landsby frå Poria - Neve Oved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]