Pornografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pornografi, eller porno (frå gresk porno−, skjøkje, og −graphia, teikning eller skrift), er framstilling av seksuell åtferd med opphissing som siktemål. Det er definert i Store norske leksikon som «fremstillinger som søker å virke seksuelt opphissende [...] i form av ord, bilder, film.»[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Erotisk akt frå eit tempel i Khajuraho.
Pornografi eller kunst? (P.J. Geiger, akvarell frå 1840.)

Menneskja har forma nakne og seksualiserte kunstverk frå urtida, men det er usikkert kva føremålet har vore med dei. Frodige figurar som Venus av Willendorf og erotiske utskjeringar frå indiske Khajuraho har truleg hatt heilag tyding heller enn opphissande. På den andre sida kan slike skaparverk godt ha verka som pornografi likevel. Spørsmålet om kva som er pornografi og kva som er kunst har vore debattert talrike gonger.

Pornografi og samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Ulike samfunn har svært ulike oppfattingar av kva som er pornografi og om det er godt eller dårleg. Medan avbilding av erotiske handlingar er heilt greitt ein stad, er den minste nakenheit forboden ein annan. Dette har samband med korleis samfunnsmoralen ser på nakenheit og sex.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg har lenge avgrensa laging og vising av pornografi gjennom lovverket. Det meste av pornografi er forboden å visa offentleg dersom det vekkjer alminneleg harme, og gjennom tidene har det variert kor mykje som skulle til for å få medhald i sensur hjå rettsvesenet. Med tilvising til ytringsfridom og kunstnarleg fridom blir somme tider litterære, grafiske og filmatiske verk som mange vil kalla pornografi, lagde fram offentleg for å provosera.

Visse former for pornografi kan vera ulovlege å laga, selja, eiga eller visa offentleg, slik som barneporno og dyreporno. Andre former for pornografi er for så vidt lovlege, men blir oftast selde ulovleg som uregistrert videofilm.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjetil Rolness (20. februar 2018). «Pornografi». Store norske leksikon. Henta 7. juli 2018. 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.