Hopp til innhald

Port-Gentil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Port-Gentil
by
Land  Gabon
Folketal 154 632 (2013)[1]
Kart
Port-Gentil
0°43′00″S 8°47′00″E / 0.71666666666667°S 8.7833333333333°E / -0.71666666666667; 8.7833333333333
Wikimedia Commons: Port-Gentil

Port-Gentil er ein by i vestre delen av Gabon. Han er departementhovudstad i Bendje og provinshovudstad i Ogooué-Maritime. Port-Gentil er den vestlegaste byen i Gabon. Han ligg ved Atlanterhavet, og er den viktigaste hamnebyen i landet og eit viktig industrisenter. Ved folketeljinga i 2013 hadde byen 136 462 innbyggjarar, og var dermed den nest største byen i Gabon.[2] Folketalet i 2022 blei anslått til 200 000.[3]

Byen blei kalla opp etter den franske kommandanten Émile Gentil i 1900. Etter den fyrste verdskrigen starta byen ein storstilt tømmereksport. Det blei bygd eit oljeraffineri her på 1960-talet, og sidan det er oppdaga olje utanfor kysten er også utskiping av olje ein viktig næringsveg.

Port-Gentil er kjent for strendene sine, fleire hotell og for Saint Louis-kyrkja. Teknisk sett ligg byen på ei øy, Lopez ved munningen til elva Ogooué.[3] Byen har ein eigen flyplass som knyter han både til hovudstaden Libreville og resten av verda.

  1. ↑ http://bevoelkerungsstatistik.de/wg.php?x=&men=gcis&lng=de&des=wg&srt=pnan&col=adhoq&msz=1500&geo=-801. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ Folketelling 2013 Arkivert 6. september 2011 på Wayback Machine.
  3. 1 2 Berg, Erik (2024-03-02). «Port-Gentil». Store norske leksikon (på norsk).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Port-Gentil