Port-Jeanne-d'Arc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Port-Jeanne-d'Arc
kvalstasjon
Port-Jeanne-d'Arc i 2008.
Land  Frankrike
Stad Grande Terre
 - koordinatar 49°33′16″S 69°49′22″E / 49.55444°S 69.82278°E / -49.55444; 69.82278
Folketal 300
Kart
Port-Jeanne-d'Arc
49°33′16″S 69°49′22″E / 49.5543937°S 69.8227501°E / -49.5543937; 69.8227501
Wikimedia Commons: Port-Jeanne-d'Arc

Port-Jeanne-d'Arc var den einaste kvalstasjonen som vart bygd på fransk territorium. Han låg på Grande Terre i øygruppa Kerguelen, nordvest for kysten av Jeanne-d'Arc-halvøya. Dette området på 6 hektar har vore under restaurering sidan 2001 for å bevara historiske og industrielle arv til staden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå byrjinga av 1900-talet til den fyrsten verdskrig[endre | endre wikiteksten]

I 1906 fekk Bossière-brørne frå Le Havre, som var søner av den siste franske reiaren som hadde drive kvalfangst, eksklusivt løyve frå dei franske styresmaktene til å utnytta øygruppa i 50 år. I 1909 bygde dei Port-Jeanne-d'Arc ved hjelp av kunnskapen og kapitalen til nordmenn frå selskapet Storm Bull etablert i Cape Town, for å produsera kvalolje, som då var mykje brukt til opplysing. Dei 300 norske kvalarbeidarane klarte å bygga hamna på berre 3 månader. Ein meiner i dag at bygginga av staden kravde 460 tonn granved og 2500 tonn stål. Produksjonen starta i 1909, og sysselsette rundt hundre norske arbeidarar og leiarar, som arbeidde heile året.[1] Første verdskrigen i 1914 avbraut produksjonen i meir enn fem år.

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Aktiviteten vart teke opp att i 1919. Kvalstasjonen vart kjøpt av Irwin & Johnson, eit selskap frå Cape Town, som dreiv stasjonen til 1926. Produksjonen vart stoppa etter at kokeriskip dukka opp, og som følgje av overutnyttinga av sjøelefant og kval.

Nokre få forskarar, som Edgar Aubert de la Rüe, kom til å bu i Port-Jeanne-d'Arc (ein første gong for eit kort opphald i 1929 og lengre i 1931). Stasjonen var då i perfekt stand bortsett frå fabrikken.[2]

Frå andre verdskrigen til restaureringa[endre | endre wikiteksten]

Skipet «Bougainville» la til hamn der i 1939, så vel som skipet «Wyatt-Earp» som vart verande der fire dagar under reisa for å frakta Lincoln Ellsworth til Antarktis. 10. mars 1941 besøkte det tyske skipet «Komet» Port-Jeanne-d'Arc, og 15. februar 1948 kom «Wyatt-Earp» tilbake etter å ha sett av det fyrste permanente australske vitskaplege oppdraget på Heard Island. Den 13. februar 1949 passerte skipet «Labuan» staden etter å ha avløyst oppdraget til Heard Island.

I 1950-1951 drog Edgar Aubert de la Rüe dit igjen. Han noterte at brygga var svært nedsliten og at stasjonen hadde lide mykje under dårleg vêr. Eit varehus hadde kollapsa og fabrikken var praktisk talt øydelagd. Han meinte likevel at det ville ta kort tid å bygga opp igjen dei store bustadbygga. Han la til: «Det verka for meg at viss det var meint å oppretta ein administrativ stasjon i skjergarden, kombinert med ein base for vitskapleg forsking, ville det vera vanskeleg å finna ein meir passande stad og utvikla det til ein lågare kostnad; berre ved å utnytta alt som fanst der».[3]

Den gamle kvalstasjonen forfall deretter gradvis, men er no under restaurering for å bli omgjort til eit økomuseum.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laurent Pirotte, Carnet de bord : l'usine baleinière de Port Jeanne d'Arc, Réunion La 1re 27./02-2022. sjå online(fr)
  2. Edgar Aubert de la Rüe, Deux ans aux îles de la Désolation. Archipel de Kerguelen (på fransk), Julliard, 1954, s. 114
  3. Edgar Aubert de la Rüe, Deux ans aux îles de la Désolation. Archipel de Kerguelen (på fransk), Julliard, 1954, s. 144
  4. «L'avenir de Port-Jeanne d'Arc» (på fransk). Henta 25. september 2022. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.