Port-de-Paix

Koordinatar: 19°57′N 72°50′W / 19.950°N 72.833°W / 19.950; -72.833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

19°57′N 72°50′W / 19.950°N 72.833°W / 19.950; -72.833

Port-de-Paix is located in Haiti
Port-de-Paix avmerkt på Haiti-kartet

Port-de-Paix (haitisk: Pòdepè eller Pòdpè) er ein by i Haiti og hovudstad i departementet Nord-Ouest. Han hadde i 2009 eit innbyggjartal på 250 000.

Tidlegare var byen ein stor eksportør av bananar og kaffi, men har dei seinare åra fått rykte på seg som sentrum for smuglarvarer frå Miami i USA.[1] Kristoffer Columbus gav området rundt byen namnet «Valparaíso» etter at han gjekk i land der 6. desember 1492. Det er mange attraktive strender i området, og frå byen går det ei ferje over til øya Tortuga.

Byen vart grunnlagd i 1665 av franske filibusterar som hadde vorte fordrivne frå Tortuga av dei britiske okkupantane. I 1679 opplevde byen det fyrste slaveopprøret. Det gjekk framover med området på 1800-talet, men i 1902 vart byen nesten heilt øydelagd av ein brann, og har aldri seinare kome opp att på det nivået han var på.

Port-de-Paix er også hovudstad i arrondissementet med same namn. Det omfattar fire kommunar: Port-de-Paix, Bassin Bleu, Chansolme og Tortuga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Port-de-Paix» hjå Britannica Online Encyclopedia.