Port Chalmers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Port Chalmers
Utsikt over Port Chalmers og Otago Harbour mot Otago Peninsula.
Utsikt over Port Chalmers og Otago Harbour mot Otago Peninsula.
Styresmakter
Land
Region
City
New Zealand New Zealand
Otago
Dunedin
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - Forstad (2006)

1335
Koordinatar 45°49′″S 170°37′″EKoordinatar: 45°49′″S 170°37′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
Port Chalmers is located in New Zealand
Port Chalmers frå nordaust, cruiseskipet Dawn Princess og eit konteinarskip ligg i hamna.

Port Chalmers er ein forstad og hovudhamna til byen DunedinNew Zealand, med eit folketal på 1335 i 2006. Port Chalmers ligg ti km inne i Otago Harbour, om lag 15 km nordaust for bysentrum i Dunedin.

Mykje av Port Chalmers ligg på ei lita, brattlendt halvøy, på nordenden av denne ligg eit stort tørrlagt område der kontainerhamna til Dunedin ligg no. Nær den søraustlege breidda til denne halvøya ligg eit par øyer ute i Otago Harbour, mellom Port Chalmers og Otago Peninsula. Desse to øyene er Quarantine Island/Kamau Taurua og Goat Island/Rakiriri. Før den lokale administrative omorganiseringa på 1980-talet var Port Chalmers samansett av fleire forstadar, så vel som det sentrale området, Roseneath, Blanket Bay, Upper Junction, Brick Hill, Sawyers Bay, Mussel Bay, Upper Port Chalmers, Dalkeith, Careys Bay, Reynoldstown, Deborah Bay, Hamilton Bay, Waipuna Bay, Te Ngaru og Aramoana. Dei nærliggjande busetnadane Long Beach, Purakanui, og fleire andre nærliggjande mindre busetnadar og gardsbruk var også ein del av Port Chalmers.

Sjølv om hamna innanfor Port Chalmers er regelmessig mudra, er det meste av aktiviteten i hamna sentrert om Port Chalmers heller enn sentrum i Dunedin. Delvis er årsaka til dette det tronge løpet i Victoria Channel, den delen av Otago Harbour som er farbar for større skip, noko som gjer det enklare å leggja til kai i Port Chalmers, nær open sjø. Alle større skip som skal inn til kai i den øvre delen av hamna, må losast inn ved hjelp av slepebåtar.

Hamna var den siste Robert Falcon Scott vitja før han drog sørover på den siste ekspedisjonen sin til Antarktis. Eit stort steinmonument til minne om Scott si siste ferd er reist ovanfor busetnaden.

Det meste av den økonomiske aktiviteten i Port Chalmers dreier seg om kontainerterminalen. Fiske, som historisk sett har vore viktig, er no berre ein mindre del av økonomien.

«Port Chalmers» var også namnet til eit skip som segla mellom England, Australia og New Zealand i byrjinga av 1900-talet. Det vart torpedert midt i oktober 1940, og gjekk ned, nokre av mannskapet overlevde i 14 dagar på havet i ein livbåt.

Panorama over hamna.
Panorama over hamna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Herries Beattie var eit gamalt maorinamn på Port Chalmers «Potakere» eller «Pou-takere», som kan ha vist til at det var eit altar (tuahu) på åsen. «Koputai» er eit seinare namn, og viser til ei hending der tidvatnet steig så mykje at kanoar på stranda vart sette i drift. Då det vart slutta fred mellom Kati Mamoe (Ngati Mamoe på moderne standard maori) og Kai Tahu (Ngai Tahu på moderne standard maori), kring 1780, vart Koputai ein av dei to sørlege avgrensingane til territoriet til Kai Tahu.

I februar 1839 hadde brødrene Weller frå Otago (det moderne Otakou) på den andre sida av hamna, sett opp eit sagbruk, som ser ut til å ha lege i Sawyers Bay. I september det følgjande året var ein «stor båt», truleg skonnerten Anne, under bygging der. I 1840 vart Port Chalmers og den heile vestlege breidda av Otago Harbour frå om kring Burkes til Otafelo Point omfatta av salet av land frå Te Matenga Taiaroa til dei franske kvalfangarane Pierre Darmandarits og Edouard DuBern, verbrødre og forretningspartnarar. Den første kristne gudstenesta i Koputai vart halden av pastor James Watkin, metodistmisjonæren ved Waikouaiti i 1842. Frå 1844 var staden fråflytta.

I 1844 ankra kaptein Wing opp «Deborah» i bukta som no ber namnet hans, og der han vart møtt av Frederick Tuckett som valde ut eit tilstøytande landområde (Otago Block) som staden for den skotske busetnaden New Edinburgh. Han gav Koputai med djupvasshamna det nye namnet «Port Chalmers» etter den presbyterianske frikyrkjeleiaren Thomas Chalmers. Salet av Otago Block frå maoriar til Otago Association vart fullført i Port Chalmers den 31. juli 1844. Alt 9. juni var det sett opp to 'whares' (hus bygde på māorivis), og ein haug med murstein venta på å verta brukte i bygginga av huset til Tuckett. I desember 1844 opna Alexander McKay og kona hans den første puben, «Surveyor's Arms». Byen vart stukken ut av Charles Kettle i 1846, og eit bystyre vart også danna dette året. Dei første skipa med nybyggjarar frå Otago Association, «John Wickliffe» og «Philip Laing», ankra opp i Port Chalmers i mars og april 1848.

Skipet «Dunedin», det første kommersielt vellukka fryseskipet.

Sidan utvikla staden seg som ei hamn for byen Dunedin og provinsen, og gjekk forbi Otago (den moderne Otakou) som den internasjonale hamna i Otago Harbour. Det var først samband med lekterar til Dunedin innerst i bukta, seinare også med ein bratt veg frå North East Valley til Sawyers Bay, ein sideveg til hovudvegen nordover. I løpet av 1860-åra vart det bygd ein veg langs hamna frå Dunedin. I 1866 fekk staden status som Borough. Den 1. januar 1873 vart den første 1,067 mm smalsporjarnvegen på New Zealand opna: Port Chalmers Branch, som batt saman Dunedin og Port Chalmers. Han vart seinare ein del av det nasjonale jarnvegsnettet gjennom samband med Main South Line, som vart opna til Christchurch den 7. september 1878 og til Invercargill den 22. januar 1879. I 1881 vart farleia innerst i hamna, Victoria Ship Channel, opna og gjorde det mogeleg for havgåande skip å gå heilt inn til den sentrale hamna i Dunedin. Eksporten av frosne kjøtvarer frå New Zealand tok til i 1882, då fryseskipet «Dunedin» gjekk ut frå Port Chalmers med den første lasta av dette slaget.

«Euterpe» (seinare «Star of India») i Port Chalmers.

Tenester for skipsfarten og bygningsindustri bygde seg opp i på 1800-talet, medan den nærliggjande Carey's Bay vart ei fiskerihamn. Utviklinga av byen viste attende til utviklinga i Dunedin og Otago, med rivalisering mellom Dunedin og Port Chalmers over over kven som skulle ta seg av det meste av skipsfaten. Etter ein tidleg og rask start , gjekk både byen og regionen attende i relativ nasjonal interesse i løpet av 1900-talet.

Fleire av dei kjende ekspedisjonane i den heroiske æraen av utforskinga i Antarktis gjekk ut frå Port Chalmers. Etter at Ross Dependency i Antarktis vart overført til New Zealand i 1923, og regjeringa på New Zealand leigde ut fangstrettar, vart den store norske kvalfangstskuta «C.A. Larsen» det største skipet som var til vedlikehald i Otago Dock i Port Chalmers, i april 1928.

Ein vegtunnel som skulle binda saman Sawyers Bay med Waitati som ein del av ein ny nordleg motorveg, vart føreslått i 1930-åra, men aldri bygd. Ein ny, snøggare veg frå byen langs hamna vart ferdig i 1965. Passasjertrafikken med ferjer frå hamna heldt fram til 1967. Valet av Port Chalmers som den fremste kontainarterminalen i 1971 gav prov på føremonane framfor Lyttelton, og Dunedin fekk såleis den største kontainarhamna på Sørøya. I 1979 vart det slutt på passasjertoga mellom Port Chalmers og forstadane vest i hamna, etter at dei hadde vore i drift i 106 år.

Kontainartrafikken heldt fram å ekspandera, og ein ny, veksande trelasthandel utvikla seg parallelt, men den store nedgangen i naudsynt arbeidskraft i desse verksemdene førte til at folketalet i byen stagnerte. Kontroversielle freistnadar på å leggja eit aluminiumsverk ved Aramoana, ved munningen til hamna i 1975 og 1980 lukkast ikkje. Lokaladministrasjonen Otago Harbour Board, som vart oppretta i 1874, vart erstatta av eit kvasi-autonomt lokalstyreorgan, Port Otago Ltd i 1988. Dei lokale historiske samlingane, Port Chalmers Old Identities Society, frå 1913, vart flytta til de gamle postkontorbygningen og opna som Port Chalmers Museum i 1987. Det har seinare fått namnet Regional Maritime Museum. I 1989 vart staden Port Chalmers og heile distriktet omkring administrativt overført til det større City of Dunedin.

Frå 1970-åra vaks det opp ein kunstnarkoloni i Port Chalmers og Carey's Bay. Dette var eit nytt element i den stadig veksande industriutbygginga i hamnebyen, og gav ein ny farge til staden. I løpet av 1990-åra la turistskipstrafikken enno eit nytt element til byen, og denne verksemda har halde fram med å veksa.

Lokalt kulturliv[endre | endre wikiteksten]

Kreative kunstartar er også viktig for økonomien i området. Port Chalmers og dei omliggjande forstadane Careys Bay, Roseneath og Sawyers Bay er blømande kunstnarsamfunn, og byen vert sett på som eit paradis for folk som ønskjer ein alternativ livsstil.

Mange kunstnarar og musikarar kallar Port Chalmers heimen sin, den mest kjende er maorikunstnaren Ralph Hotere. Det tidlegare studioet til Hotere låg ytterst på Observation Point, den høge skrenten ovanfor konteinarterminalen. Då hamna vart vidare utbygd, vart ein del av skrenten fjerna, også området der studioet til Hotere låg. Ein del av skrenten, nær det fjerna området er no ein prisvinnande skulpturpark som vart organisert av Hotere i 2005, der det vert vist fram verk både av han og andre kjende newzealandske moderne skulptørar[2].

Kjende menneske frå Port Chalmers[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. QuickStats aboutPort Chalmers - Statistics New Zealand
  2. Design award for Hotere garden. Otago Daily Times (20. august 2008). Vitja 23. juni 2013.
Engelsk Wikipedia gav òg opp desse referansane:
  • Beattie, H. (1954,1994) Our Southernmost Maoris Dunedin, NZ: Otago Daily Times; Christchurch, NZ: Avondale Copy Studio. ISBN 0-473-02518-3.
  • Bowman, H.O. (1948) Port Chalmers Gateway to Otago Dunedin, NZ: Otago Centennial Historical Publications.
  • Entwisle, P. (1998) 'Behold the Moon the European Occupation of the Dunedin District 1770-1848 Dunedin, NZ: Port Daniel Press. ISBN 0-473-05591-0.
  • McLean, G. (1985) Otago Harbour Currents of Controversy Dunedin, NZ: Otago Harbour Board. ISBN 0-473-00288-4.
  • McLintock, A.H. (1951) The Port of Otago Dunedin, NZ: Whitcombe & Tombs Ltd.
  • Shortland, E. (1851) The Southern Districts of New Zealand London, UK: Longman, Brown, Green & Longmans.
  • Stewart, P.J. (1973) Days of Fortune a History of Port Chalmers 1848-1973Dunedin, NZ: John McIndoe.
  • Tremewan, P. (1994) Selling Otago Dunedin, NZ: Otago Heritage Books. ISBN 0-908774-85-0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Port Chalmers