Gqeberha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Port Elizabeth)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gqeberha
by
City Hall Port Elizabeth-003.jpg
Land Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Fylke Ibhayi
Provins Eastern Cape
Areal 335 km²
Folketal 237 500 (2001)

Port Elizabeth
33°57′29″ S 25°36′0″ E
Wikimedia Commons: Port Elizabeth

Gqeberha (uttalt ᶢǃʱɛ̀ɓéːxà), tidlegare Port Elizabeth, er ein by i Nelson Mandela Bay i provinsen Eastern Cape i Sør-Afrika.[1] Han ligg ved Algoabukta og har ei av dei største hamnene i Sør–Afrika. Han er administrasjonsstad for Nelson Mandela Bay Metropolitan Municipality, det nest største bydistriktet i Sør-Afrika etter utstrekking.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den veksande hamnebyen ved Algoabukta fekk i 1820 namnet «Port Elizabeth» til minne Elizabeth Frances, fødd Markham, den avdøde kona til Rufane Shaw Donkin, som var mellombels guvernør for den britiske Kappkolonien.[3] Kolonistane kalla også busetnaden «The Bay».[4] Dette namnet gav avleiingar som «iBhayi» og «eBhayi» på xosa og «die Baai» på afrikaans.[5] Port Elizabeth blei også ofte forkorta til «PE». Han har kallenamna «den vennlege byen» og «den forblåste byen».

I 2019 kunngjorde Eastern Cape Geographical Names Committee (ECGNC) at Port Elizabeth truleg kom til å få namnet endra til Gqeberha, eit xhosa-namn som viser til Baakenselva som renn gjennom byen.[6] 23. februar 2021 blei byen offisielt gjeven dette namnet.[7] Omnemninga førte til ei rad protestar, men desse blei avviste av styresmaktene i juni 2021.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jegerar og sankarar som var opphav til seinare sanfolk slo seg ned i området rundt Algoabukta for minst 10 000 år sidan. For rundt 2000 år sidan blei dei gradvis assimilerte inn i jordbruksdrivande folk som dagens xhosafolk stammar frå.[9]

Dei fyrste europearane som vitja området var portugisiske sjøfolk leia av Bartholomeu Dias, som gjekk i land på St Croix-øya i Algoabukta i 1488,[10] og Vasco da Gama, som merka seg Bird Island i nærleiken i 1497. I fleire hundreår blei området ganske enkelt skildra som ein plass å gå i land med ferskvatn på europeiske navigasjonskart.[11]

I 1799, då britane fyrst invaderte Kappkolonien under Napoleonskrigane, bygde britiske styrkar ein steinfestning kalla Fort Frederick etter hertugen av York. Festningen er no eit historisk monument.[12]

Byen blei grunnlagd i 1820 for å husa britiske nybyggjarar, og for å styrke grenseregionen mellom Kappkolonien og xhosafolket. Han har no eit folketal på 1,3 million og er ein del av Nelson Mandela storbykommune. Byen er vennskapsby med Göteborg, Jacksonville og Palm Desert i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About Nelson Mandela Bay», NELSON MANDELA BAY MUNICIPALITY, henta 10. juli 2021 
  2. «Get to Know South Africa's Friendly City - Port Elizabeth, EC (GL)». www.southafrica.net. Henta 19. februar 2020. 
  3. «The Port Elizabeth Pyramid». Internet Archive. Henta 19. mars 2018. 
  4. Pettman, Charles (1913). Africanderisms; a glossary of South African colloquial words and phrases and of place and other names. Longmans, Green and Co. s. 51. 
  5. «Ibhayi - definition of Ibhayi in A Dictionary of South African English - DSAE». dsae.co.za. Henta 20. juli 2020. 
  6. Meiring, Pieter (10. november 2019). «New Port Elizabeth name announced». Cape Business News (på engelsk). Henta 10. februar 2020. 
  7. «BREAKING | It is official, Port Elizabeth has a new name — Gqeberha». DispatchLIVE. 
  8. Writer, Staff, Government dismisses all objections to Port Elizabeth, Uitenhage name changes (på engelsk), henta 10. juli 2021 
  9. «The San». SA History. Henta 19. mars 2018. 
  10. Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  11. «Nelson Mandela Bay Tourism – Historical information». Nelson Mandela Bay Tourism. 
  12. «Fort Frederick». Nelson Mandela Bay Tourism. Henta 19. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gqeberha
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.