Port Harcourt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Port Harcourt

Port Harcourt (igbo Diobu,[1][2] Iguocha[3][4] eller Ugwuocha;[5][6][7] nigeriansk pidgin Po-ta-kot)[8] er ein hamneby og delstatshovudstad delstaten Rivers i Nigeria. Han har rundt 1,1 millionar innbyggjarar (2005). Byen ligg ved ein av dei austlegaste munningsarmane til elva Niger, ca. 50 km inne i landet. Han blei skipa rundt ei hamn som blei bygd her i 1912, og kalla opp etter ein britisk den dåverande koloniministeren Lewis Harcourt.[7]

Port Harcourt er ein viktig hamne- og industriby. Han er eit knutepunkt for samferdsle som også har ei internasjonal lufthamn. Byen har eit universitet frå 1971 som populært blir kalla UNIPORT.

Ein driv eksport av palmeolje, tømmer, kol, tinn og olje frå byen. Av industri kan mellom anna nemnast næringsmiddelindustri, fiskeforedling, oljeraffineri, papirindustri og metallindustri. Det ligg petroleumsraffineri med røyrledning frå uthamna Bonny.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Njoku, Onwuka N (October 2008). «Eastern Nigeria Under British Rule» (PDF). Department of History, University of Nigeria (University of Nigeria, Nsukka): 23. 
  2. Isichei, Elizabeth Allo (1976). A history of the Igbo people. Macmillan. s. 200. ISBN 0-312-37975-7. 
  3. Walker, Gilbert (1959). «Traffic and Transport in Nigeria». Colonial research studies (Her Majesty's Stationery Office) (27): 28–29. 
  4. Jaekel, Francis (1997). Opening the nation to sea, air and road transportation 1—3. Michigan State Univ Press. s. 125. ISBN 9-782-46314-0. 
  5. McCall, John Christensen (2000). Dancing histories: heuristic ethnography with the Ohafia Igbo. University of Michigan Press. s. 75. ISBN 0-472-11070-5. 
  6. Ohadike, Don C. (1994). Anioma: a social history of the Western Igbo people. Ohio University Press. s. 15. ISBN 0-821-41072-5. 
  7. 7,0 7,1 Okafor, S.O. (January 1973). «The Port Harcourt Issue: A Note on Dr Tamuno's Article» (PDF). African Affairs. Royal African Society (Oxford University Press) 72 (286): 74. 
  8. Hudgens, Jim; Trillo, Richard (2003). The rough guide to West Africa (4 utg.). Rough Guides. s. 1075. ISBN 1-843-53118-6. 
  • «Port Harcourt» (9. juli 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. desember 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.