Portlaoise
| Portlaoise | |||
| Port Laoise | |||
| by | |||
Utsikt frå Dunemaseklippen mot den lokale kyrkja. | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Leinster | ||
| Grevskap | County Laois | ||
![]() Portlaoise 53°01′51″N 7°18′03″W / 53.0309°N 7.3008°W | |||
| Wikimedia Commons: Portlaoise | |||
Portlaoise (irsk Port Laoise, tidlegare staving Port Laoighise, tidlegare namn Maryborough) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Laois og ligg sentralt på Irland.
Han vart grunnlagd som Fortet Maryborough av dronning Maria I av England og Irland i 1556.
Over heile byen finst det spor etter tida som garnisonsby. Det gamle fengselet har vorte omgjort til eit kultursenter.
I nærleiken av byen ligg Dunamaseklippen, eit keltisk festningsverk som Ptolemaios noterte seg på 100-talet. I 845 vart den dåverande festninga plyndra av vikingar. Det ligg òg tre herregardar i nærleiken: Emo Court, frå 1700-talet og teikna av James Gandon, Ballyfin House, som no er ein privatskule, og Mountmellick.
Portlaoise fengsel er eit høgtryggleiksfengsel som særleg har vorte brukt til terroristar frå Nord-Irland. Etter at amnestiet som vart nedfelt i Belfastavtalen tredde i kraft har det vore færre fangar innan denne kategorien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Portlaoise» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2007.
