Portmahomack

Koordinatar: 57°50′N 3°50′W / 57.833°N 3.833°W / 57.833; -3.833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Portmahomack

skotsk-gælisk Port Mo Chalmaig
Portmahomack
Portmahomack
Portmahomack
Plassering
Portmahomack is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Geografi
Koordinatar 57°50′N 3°50′W / 57.833°N 3.833°W / 57.833; -3.833
Diverse annan informasjon
Postnummer IV20
Commons har multimedium som gjeld: Portmahomack

Portmahomack (skotsk-gælisk Port Mo-Chalmáig) er ein liten fiskelandsby i Easter Ross i Skottland som ligg nesten 15 km austom Tain på nordkysten av Tarbathalvøya. Staden har lengje vore kjent for å ha vore stad med busetjing som strekkjer seg langt tilbake i tid.

Det tidlegaste beviset for busetjing er vorte avdekt i avfallshaugar med skaldyr som peikar tilbake til ei tid for eit eller to tusen år f.Kr. Det er funne restar av ein broch, eit rundt tårnhus bygd av stein, som er karakteristisk trekk frå Skottland, som ligg noko vest for landsbyen, og flyfoto har avslørt merke frå ei stor grøft som viser den tidlegare soknekyrkja. Det er òg funne detaljerte steinutskjeringar som blir datert tilbake til 700- eller 800-talet f.Kr, inkludert ein stein med inskripsjonar, i og rundt kyrkjegarden. Dette har vorte teke til inntekt for at Portmahomack var ein viktig stad for den første kristne kyrkja i Skottland.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Portmahomack er setet for det første kjende piktiske klosteret som var emne for ein av dei største arkeologiske utgravingane i Skottland, utført i tida 1994 og 2007 under leiing av Martin Carver.

Klostret vart grunnlagt ein gong rundt år 550 og vart øydelagt av brann rundt år 800. Det hadde ein gravlund med blant anna steingraver, ei steinkyrkje, minst fire monumentale steinkrossar og verkstader for produksjon av kyrkjeplater, pergamentpapir og kristne bøker. Det har vorte avdekt over to hundre fragmenterte skulpturar, nokre brote opp i lag av brannen, noko som tyder på klosterbygningen vart øydelagt med vald, kanskje av eit vikingtokt av nordmenn, ein gong rundt år 800. Tradisjonen for heilagdom var likevel verna i ein såpass grad at staden seinare vart gjenoppbygd som ei soknekyrkje for sankt Colman (minst fem helgenar hadde dette namnet). Den noverande restaurerte bygningen, tilpassa for å huse eit museum etter å ha vore tomt i mange år, har vorte nytta for å vise fram dei arkeologiske funna. Bygningen i seg sjølv er eit monument med ein konstruksjon i fleire fasar, den eldste delen (austveggen i krypten) har vorte bygd så tidleg som 800-talet. Museet og besøkssenteret i St Colman's Church blir administrert av Tarbat Historic Trust.

Dagens Portmahomack[endre | endre wikiteksten]

I dag er Portmahomack hovudsakleg ein turiststad med den tradisjonelle hamna si, badestrender, og høve for golf, utflukter for å sjå på delfinar, fiske og annan vassport. Det er fastbuande folkesetnad på mellom 500 og 600 innbyggjarar.

Tarbat Discovery Centre (Tarbat opplevingssenter) i den tidlegare soknekyrkja husar utstillingar av lokal historie frå fleire sesongar med arkeologiske utgravingar i kyrkja, og utanfor på marka i kyrkjegarden. Blant desse er det ei stor samling av fragment av piktiske steinskulpturar, mange av dei med vene utskorne figurar beståande av kristne motiv, fantastiske og realistiske dyremotiv, og abstrakte motiv. Det er òg nokre døme på tidleg mellomalderskulptur. Det uvanleg utarbeidde klokketårnet frå slutten 1600-talet og byrjinga av 1700-talet i vestgavlen har eigenarta struktur.

Nokre viktig utskorne piktiske steinar frå Portmahomack er utstilt i Skottlands nasjonalmuseum i Edinburgh, men kopiar blir vist i Tarbat Discovery Centre.

To andre viktige historiske bygningar i Portmahomack ligg ved sidan av kvarandre, «girnal», lagerhus, bygd høvesvis på slutten av 1600-talet og i 1779, med utsikt over hamna. Dei er i dag restaurert som bustadhus. Det eine er ein av dei eldste bygningane av denne typen i Skottland. Landsbyen har òg mange attraktive husrekkjer langs kysten frå slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet.

Hamna vart forbetra av den kjende ingeniøren Thomas Telford og han vart viktig i eksporten av korn på 1800-talet.

Den berykta kriminalforfatteren Anne Perry bur i landsbyen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Portmahomack» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
  • Carver M.O.H. 1999 Surviving in Symbols. A Visit to the Pictish Nation (Birlinn;
  • Carver M O H 2004 An Iona of the East: The Early-medieval Monastery at portmahomack, Tarbat Ness Medieval Archaeology 48 (2004): 1-30;
  • Carver, M.O.H. 2006. A Columban Monastery in Pictland. Current Archaeology 205: 20-29

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]