Portobello på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portobello
Portobello.
Portobello.
Styresmakter
Land
Region
City
New Zealand New Zealand
Otago
Dunedin
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - Forstad (2006)

1107
Koordinatar 45°50′″S 170°39′″EKoordinatar: 45°50′″S 170°39′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
Portobello på New Zealand is located in New Zealand

Portobello er ein liten by ved Otago Harbour, halvvegs ute på Otago-halvøya i Dunedin CityNew Zealand, ein forstad til Dunedin. Han ligg ved foten av ei lita halvøy, Portobello-halvøya, mellom Portobello Bay og Latham Bay.

Til like med sneisevis av stadar i Dunedin, har han fått namn etter ein skotsk stad, Portobello, i Edinburgh.

I enden av Portobello Peninsula ligg ein marin forskingsstasjon, Portobello Marine Laboratory,[2] som er ein del av University of Otago. Nær enden av halvøya ligg Saint Martin's/Quarantine Island.

Portobello har eit historisk museum, restauranten «1908», ein lokal barneskule, det gamle Portobello Hotel, og fleire stadar som tilbyr overnatting, mellom desse ein campingplass. Det meste av tenestene Portobello treng, får byen frå Dunedin, som er lett tilgjengeleg på den svingete, men godt vedlikehaldne Portobello Road som går langs strandkanten. Ein meir svinget, men utsiktsvenleg veg, Highcliff Road, bind saman Portobello med bysentrum i Dunedin langs fjellryggen på halvøya.

Båtsport er historisk i Portobello.[3] Båtklubben eig leivningane av ferjekaien og ein båtslipp kort veg frå bysentrum. Tidlegare tok innbyggjarane i Portobello ferja til byen, før vegen vart opna.

Portobello Community Inc. er lokalsamfunnsgruppa som arbeider for å gjera Portobello til ein god stad for innbyggjarane.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand QuickStats About Broad Bay-Portobello
  2. New Zealand Marine Studies Centre
  3. Otago Harbour Boating Guide. Otago Regional Council (2012). Vitja 20. mai 2013.
  4. Portobello Community.