Portogruaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rådhuset i Portogruaro
Portogruaro (raud) si plassering i provinsen Venezia

Portogruaro er ein by og ein kommune i provinsen Venezia i regionen Veneto i Italia. Kommunen har i over 25 000 ibuarar og dekker eit areal på 102,2 km². Byen ligg fem meter over havet, om lag 60 kilometer nordaust for provinshovudstaden Venezia. Elva Lemene renn gjennom byen.

Vinproduksjon er viktigaste næringa i kommunen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Portogruaro vart offisielt grunnlagt av i 1140, då erkebiskopen av Concordia gav ei gruppe fiskarar rett til å busette seg og byggje ei elvehamn. I 1420 søkte byfolket om å verte borgarar av republikken Venezia. Under venetianarane fekk byen ha ei viss form for autonomi. Portogruaro var då i stand til å ta del i det ekspanderande næringslivet, heilt til republikken Venezia sin økonomi vart svekka og gjekk tilbake frå 1600-talet av.

Etter napoleonskrigane vart Portogruaro i 1815 innlemma i det austerrikske keisardømmet. Sett vekk frå ein kort oppreist i 1848 var Portogruaro kontrollert av Austerrike til 1866, då byen og regionen gjekk inn i det nye kongedømmet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]