Portugal i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Portugal
EuroPortugal.svg
Offisielt Portugal

RTP
Uttakingar
Nasjonalt 50
Internt 1
Deltaking
Debutår 1964
Deltakingar 51
Beste resultat
Semifinalen 1 (2017)
Finalen 1 (2017)
Verste resultat
Semifinalen 19 (2006)
Finalen Sist (1964, 1974, 1997 og 2018)
Poeng
Semifinalane 1 054
Finalane 2 053
Totalt 3 107

Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i 1964 og har delteke 51 gongar. Portugal var frå 2006 til 2017 det landet som hadde delteke flest gongar utan å vinne, og fram til 2017 var den beste plasseringa til Portugal ein sjetteplass. I 2017 lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Portugal arrangerte difor Eurovision Song Contest i 2018. Portugal har komme sist fire gongar: i debutåret 1964, i 1974, i 1997 og på heimebane i 2018. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Portugal kvalifisert seg til finalen 5 av 14 gongar.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den portugisiske statskringkastaren RTP som sender Eurovision Song Contest i Portugal, og som vel det portugisiske bidraget til tevlinga. Bidraga til Portugal har alltid vorte valde gjennom den årlege portugisiske songtevlinga Festival da Canção – tilsvarande norske Melodi Grand Prix.

Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i København i 1964, men fekk ein tøff start då dei hamna heilt sist utan å få nokon poeng. Også resten av 1960-åra baud på låge plasseringar, og i 1970 valde RTP å stå over tevlinga.

Lang veg til siger[endre | endre wikiteksten]

Dei neste ti åra vart langt bedre resultatmessig, og fem gongar kom Portugal på topp ti. Sjuandeplassane i 1972 og 1980 var dei beste plasseringane til Portugal heilt fram til 1996, då Lúcia Moniz song Portugal til ein sjetteplass med «O meu coração não tem cor». Songen fekk 12 poeng blant anna frå den norske juryen, og sjetteplassen var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest fram til 2017.[2] Suksessen bana veg for ein vidare song- og skodespelarkarriere for Moniz, både i og utanfor Portugal. Blant anna spela ho den portugisiske hushjelpa Aurélia i juleklassikaren Love Actually.[3]

Etter 2000 har Portugal hatt liten suksess i tevlinga. I 2008 vart Vânia Fernandes nummer 13 av 25 i finalen, den beste plasseringa til Portugal på ti år. Sidan EBU innførte semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, har Portugal berre kvalifisert seg til finalen fem av tretten gongar.[1] I 2017, på sitt 49. forsøk, lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Poengsummen Sobral fekk i finalen, 758 poeng, er den høgaste poengsummen som har blitt oppnådd i Eurovision Song Contest nokosinne.

Fråvær[endre | endre wikiteksten]

Sidan debuten i 1964 har Portugal stått over tevlinga ved fem anledningar. Fyrste gongen var i 1970, då Portugal saman med Austerrike, Finland, Noreg og Sverige boikotta tevlinga i protest mot tevlingsreglane og det at fire land hadde delt sigeren året før.[4]

Neste fråvær kom i 2000, då Portugal måtte stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2002, 2013 og 2016 valde RTP frivillig å stå utanfor tevlinga. Fråværet i 2002 gav plass til Latvia, som etter kvart enda opp med å vinne tevlinga det året.[5][6]

Songen som «velta» eit diktatur[endre | endre wikiteksten]

Då Portugal debuterte i Eurovision Song Contest, var landet framleis eit autoritært regime under leiing av den diktatoriske statsministaren António de Oliveira Salazar. Også nabolandet Spania var i praksis eit diktatur, og presse og dei som kjempa for demokrati reagerte på at dei to landa fekk deltake i tevlinga. Under finalen i 1964, storma ein mann scena med ein plakat der det stod «boikott Franco og Salazar», ein protest mot dei fascistiske statssjefane i Spania og Portugal. Mannen vart eskortert bort frå scena, og fjernsynssjåarane vart vist eit bilete av resultattavla medan dette arbeidet pågjekk. Hendinga påverka likevel ikkje framsyninga av det portugisiske bidraget, då hendinga skjedde i pausen mellom det sveitsiske og det belgiske bidraget.[7]

Ti år etter fekk bidraget til Portugal på ny ein politisk skugge over seg. Trass den delte sisteplassen vart songen «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho, ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal.[8] «E depois do adeus» vart nytta som eitt av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen vart spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å forberede kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa.[9]

Songen «Grândola, Vila Morena», spela av den bannlyste folkemusikaren Zeca Afonso, vart spelt på radio halvannan time seinare. Denne songen var eit signal om at kuppet var i gang, og at kuppmakkarane hadde begynt å take kontroll over strategiske institusjonar i landet. I løpet av eit døgn lykkast det kuppmakkarane å velte diktaturet, og Portugal kunne starte overgangen til demokrati. I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattaren John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».[10] Hendinga vart markert med ein eigen kortfilm under den andre semifinalen i 2018, då Portugal arrangerte tevlinga.[11]

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1964 António Calvário «Oração» Portugisisk 0 13 Ingen semifinaler
1965 Simone de Oliveira «Sol de inverno» Portugisisk 1 13
1966 Madalena Iglésias «Ele e ela» Portugisisk 6 13
1967 Eduardo Nascimento «O vento mudou» Portugisisk 3 12
1968 Carlos Mendes «Verão» Portugisisk 5 11
1969 Simone de Oliveira «Desfolhada portuguesa» Portugisisk 4 15
1971 Tonicha «Menina do alto da serra» Portugisisk 83 9
1972 Carlos Mendes «A festa da vida» Portugisisk 90 7
1973 Fernando Tordo «Tourada» Portugisisk 80 10
1974 Paulo de Carvalho «E depois do adeus» Portugisisk 3 14
1975 Duarte Mendes «Madrugada» Portugisisk 16 16
1976 Carlos do Carmo «Uma flor de verde pinho» Portugisisk 24 12
1977 Os Amigos «Portugal no coração» Portugisisk 18 14
1978 Gemini «Dai li dou» Portugisisk 5 17
1979 Manuela Bravo «Sobe, sobe, balão sobe» Portugisisk 64 9
1980 José Cid «Um grande, grande amor» Portugisisk 71 7
1981 Carlos Paião «Playback» Portugisisk 9 18
1982 Doce «Bem bom» Portugisisk 32 13
1983 Armando Gama «Esta balada que te dou» Portugisisk 33 13
1984 Maria Guinot «Silêncio e tanta gente» Portugisisk 38 11
1985 Adelaide Ferreira «Penso em ti, eu sei» Portugisisk 9 18
1986 Dora «Não sejas mau para mim» Portugisisk 28 14
1987 Nevada «Neste barco à vela» Portugisisk 15 18
1988 Dora «Voltarei» Portugisisk 5 18
1989 Da Vinci «Conquistador» Portugisisk 39 16
1990 Nucha «Há sempre alguém» Portugisisk 9 20
1991 Dulce Pontes «Lusitana paixão» Portugisisk 62 8
1992 Dina «Amor d'água fresca» Portugisisk 26 17
1993 Anabela «A cidade (até ser dia)» Portugisisk 60 10
1994 Sara Tavares «Chamar a música» Portugisisk 73 8
1995 Tó Cruz «Baunilha e chocolate» Portugisisk 5 21
1996 Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 92 6 32 18
1997 Célia Lawson «Antes do adeus» Portugisisk 0 24 Ingen semifinaler
1998 Alma Lusa «Se eu te pudesse abraçar» Portugisisk 36 12
1999 Rui Bandeira «Como tudo começou» Portugisisk 12 21
2001 MTM «Só sei ser feliz assim» Portugisisk 18 17
2003 Rita Guerra «Deixa-me sonhar (só mais uma vez)» Portugisisk og engelsk 13 22
2004 Sofia Vitória «Foi magia» Portugisisk Ikkje kvalifisert 38 15
2005 2B «Amar» Portugisisk og engelsk 51 17
2006 Nonstop «Coisas de nada (Gonna Make You Dance)» Portugisisk og engelsk 26 19
2007 Sabrina «Dança comigo» Portugisisk, fransk og spansk 88 11
2008 Vânia Fernandes «Senhora do mar (Negras águas)» Portugisisk 69 13 120 2
2009 Flor-de-Lis «Todas as ruas do amor» Portugisisk 57 15 70 8
2010 Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 43 18 89 4
2011 Homens da Luta «A luta é alegria» Portugisisk Ikkje kvalifisert 22 18
2012 Filipa Sousa «Vida minha» Portugisisk 39 13
2014 Suzy «Quero ser tua» Portugisisk 39 11
2015 Leonor Andrade «Há um mar que nos separa» Portugisisk 19 14
2017 Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk 758 1 370 1
2018 Cláudia Pascoal «O jardim» Portugisisk 39 26 Direktekvalifisert
2019 Conan Osíris «Telemóveis» Portugisisk Ikkje kvalifisert 51 15
2020 Elisa «Medo de sentir» Portugisisk Avlyst


Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Portugal har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1 Spania 221
2 Italia 218
3 Tyskland 185
4 Storbritannia 176
5 Frankrike 144

Portugal har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1 Frankrike 188
2 Spania 178
3 Sveits 122
4 Nederland 93
5 Tyskland 78

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Portugal – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 1996 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  3. Dusty Baxter-Wright (16. desember 2016). «FYI, this Love Actually actress competed in Eurovision once». Cosmopolitan. Henta 23. desember 2016. 
  4. «Eurovision Song Contest 1970». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  5. Giannis Argyriou (7. oktober 2015). «Portugal will not participate in Eurovision 2016». EuroVisionary.com. Henta 23. desember 2016. 
  6. «Eurovision Song Contest 2002». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  7. «Eurovision Song Contest 1964». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  8. «ESC History: How a Eurovision Song Started a Revolution». The Eurovision Times. 29. juni 2012. Henta 23. desember 2016. 
  9. Davison, Phil (25. april 1994). «Carnation Revolution withers: Phil Davison finds the new Portugal a let-down for the men who won it freedom 20 years ago». The Independent. 
  10. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3
  11. «NRK TV - Se Eurovision Song Contest» (norsk). Henta 13. mai 2018. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]