Post meridiem

Digitalur som viser tidspunktet 11.59 PM, 23.59 på ei tjuefiretimarsklokke.
Post meridiem er eit uttrykk frå latin som tyder 'etter middag', etter kl. 12.00.
Post meridiem eller PM blir brukt i somme land for å seie at eit klokkeslett høyrer til den andre halvdelen av døgnet, frå middag til midnatt.
6 PM betyr klokka seks på kvelden. Sjå ante meridiem, AM, 'før middag'.
Vanleg standard tidsrekning tar midnatt som utgangspunkt, klokka 00.00. Klokka 6 PM blir då klokka 18. Tidlegare vart forkortinga e.m. (etter middag) nytta i norsk.