Postbanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Postbanken var ein norsk bank som vart skipa i 1995 ved at dei statseigde verksemdene Postgirokontoret, skipa i 1943, vart slege saman med Norges Postbank, som var skipa som Norges Postsparebank i 1948. Det vart gjeve ei eiga lov for denne nye banken, som vart eigd av det statlege Postverket. I 1999 vart Postbanken teke over av Den norske Bank, som med tida vart ein del av DnB NOR-konsernet. I 2011 vart det slutt for Postbanken som eige namn.

Norges Postbank, som hadde vorte skipa i 1948 med namnet Norges Postsparebank, var òg skipa i medhald av ei eiga lov. Denne lova vart vedteke 10. desember 1948, og banken var verksam frå 1950. Innskota finansierte både lån til kundane, andre statsbankar og lån til prioriterte samfunnsføremål, særleg samferdsle og skular.

I heile den tida Postbanken og forgjengarane Norges Postbank og Norges Postsparebank var verksame, var det postkontora til Postverket som fungerte ekspedisjonsstadane for banken. I ei tid då dagens elektroniske bank- og betalingsløysingar var utopiske framtidsdraumar, måtte publikum møte opp i banklokala for å setje inn, ta ut og overføre pengar, for alle transaksjonar kravde papirar og underskifter. Innskot og uttak av pengar i banken vart registret i den personlege bankboka til kunden. Meininga med bank på postkontoret var mellom anna at alle skulle ha lett tilgjenge til banktenester. Postverket hadde då eigne postkontor så å seie over alt i Noreg. Det var fyrst utover på 2000-talet at daglegvareforretningar tok over desse tenestene på kontrakt med det som no hadde vorte Posten Norge AS.

På postkontoret vart innskot i postbanken til å byrje med innført i postsparebankbøkene til kundane i form av eit eller fleire postbank-klistremerke med kronebeløp som til saman svarte til innskotssummen, altså etter same prinsipp som frimerke vart klistra på eit brev med det verdet som svarte til portoen for brevet. Seinare vart nytta stempelmaskinar som stempla inn innskotssummen i boka. Den ordinære Postbankboka hadde raudt omslag og var velkjent landet over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]