Posthorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Posthorn

Klassifiseringnaturtrompet, horn, signalinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering423.1
Eit koparstikk med påskrifta «Der Europaeische Postilion» og årstalet 1728, synar ein postryttar som varslar med posthornet før han rir inn i ein by med posten han har med seg

Posthornet er eit signalhorn som tidlegare var ein del av utstyret til postbøndane og landpostboda. I byane vart posthornet brukt til å varsla om posten var komen, eller skulle sendast. Elles skulle postbøndene, som frakta posten i stafett, blåsa i hornet når dei nærma seg skifte. Dette var då eit signal til avløysaren, neste postbonde, om å gjera seg klår. På tronge vegstykke skulle postmennene «blæse udi Posthornene, at hvo som dem der maatte møde, skulle vide at lade dem Plads til at forbie passera, paa det at posten ey i saamaade skulle hindres eller Opholdes,…»[1]

I Noreg vart ikkje posthorn tekne i bruk før i 1730. Elles i Europa kjenner ein til bruk av posthorn allereie på 1500-talet. Truleg var det Wilhelm Resen, amtmannen i Lister og Mandal amt, som stod bak forslaget om å ta i bruk posthorn i Noreg. I 1730 skreiv han til generalpostdirektøren og foreslo at dei som frakta posten frå Kristiansand burde utstyrast med posthorn. I kongeleg resolusjon av 8. april same året vart det vedteke at det skulle løyvast 150 dalar til innkjøp av posthorn og skilt til alle norske postbønder.

Annan bruk av posthorn[endre | endre wikiteksten]

Posthornet har òg redda liv. I byrjinga av januar 1903 vart postføraren Gunnar Turtveit teke av eit snøras i Seljestadjuvet medan han var på veg med posten mellom Odda og Røldal. Turtveit vart liggjande under fleire meter med snø, men klarte etter 56 timar å grava seg ut ved hjelp av posthornet. Postmuseet på Lillehammer har ei stor samling posthorn, og Turtveits horn er i denne. Diverre er det ikkje mogleg å skilja dette hornet frå dei andre horna museet rår over.

Posthornet som motiv[endre | endre wikiteksten]

Posthornet har vore motiv eller delmotiv på fleire frimerke og frimerkeseriar i fleire land. Posten i Noreg kan likevel skilta med at posthornserien for odde- og småbeløp er den lengstlevande frimerkeserien med same motiv i verda, sidan den har eksistert nesten uendra i over hundre år.

Framstillingar av posthornet har òg vore brukt i logoane til postetatane i fleire land, mellom anna postverket i Noreg, og kan kjennast att i sterkt stilisert form i logoen til Posten Norge AS som ein sirkel av to hornliknande figurar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannessen, Finn Erhard, 1997, Alltid underveis, ISBN 82-90545-63-0