Postkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske postkasser

Ei postkasse er ein boks (som regel laga av metall eller tre) som vert brukt til å ta vare på post til mottakaren kan hente han. Ei postkasse bør ha ein fornuftig storleik, og skal vere tydeleg merkt med namnet og adressa til mottakaren. Ho bør også vere vasstett. Det finst både private og offentlege postkasser. Dei offentlege har alltid ein standardfasong, er raudlakkerte og tydeleg merkte «post» og med hentingstider. Posten vert både henta og bringa av postbod.