Postverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fil:Postverket i Norge (1961) (14174628742).jpg
Postverket nytta som sitt merke eit bilete av eit posthorn med krone over. Posthorn vart nytta som signalhorn i hestetransportens tid av dei som frakta posten på hovudrutene. Posten skulle snøgt fram, og det var naudsynt å bytte til utkvilte hestar langsetter ruta. Med posthornet vart det varsla på avstand om at posttransporten var i kjømda, og at det difor måtte verte gjort klart til hestebytte.

Postverket i Noreg, som i 2002 vart organisert som eit aksjeselskap, Posten Norge AS, var opphavleg ei statleg verksemd med einerett til å distribuere brev og pakkepost innanlands og til utlandet. Frå 1926 og fram til 1993 var leiinga av postverket organisert som eit statleg direktorat, deretter ei forvaltningsverksemd med utvida fullmakt fram til 1996, og deretter eit selskap med namnet Posten Norge BA i samsvar med ei eiga lov, eit såkalla særlovselskap, som i 2002 altså vart omgjort til eit aksjeselskap.

Tidlegare hadde postverket sine eigne ekspedisjonslokale, postkontor, ikring i landet. Men i 2001 tok òg omorganiseringa av dette systemet til ved at det vart gjort avtale med ei mengd daglegvarebutikkar om ekspedisjonsstadar i butikkane, såkalla Post i Butikk, der butikkpersonalet skulle stå for ekspederinga av postkundane. Av dei 1500 ekspedisjonsstadane postverket hadde då, vart 1150 av typen Post i Butikk. I 2006 var talet på Post i Butikk auka til 1184, og talet på postkontor gått ned til 303, og seinare har enno fleire postkontor vorte lagde ned og tenesta vorte lagt til Post i Butikk. Postmengda har dessutan stendig vorte mindre, både av di elektronisk kommunikasjon har teke over for brevsendingar, og som fylgje av at konkurrerande distribusjonsverksemder har kome inn på marknaden etter kvart som postverkets distribusjonsmonopol har vorte svekka og til sist har falle heilt bort. Den tidlegare plikta postverket hadde til å syte for postombering kvar yrkedag i veka har vorte lempa på med tida. Distribusjonen om laurdagar var det fyrste som har falle vekk.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Til liks med dei fleste andre landa i Europa, var det i Noreg privatfolk som sette i gang postruter. Skipinga av postverket her i landet vert sett til 17. januar 1647, då nederlendaren H. Morian og arvingane hans fekk dette som eit kongeleg privilegium (kongeleg fastsett einerett) for tjue år framover. Dei første postrutene kom i gang i 1647 mellom Oslo og København, mellom Oslo og Bergen og mellom Oslo og Trondheim. Sidan vart det ei rute på strekning Oslo–Kristiansand–Stavanger, og ruta mellom Oslo og Trondheim var lengd til Finnmark i 1663. Opphavleg var det postframføring berre ein gong i veka, men frå Trondheim og nordover berre to til tre gongar i året.

Den siste som hadde dette konglege postprivilegiet var U. Chr. Gyldenløve. Då han døydde i 1719, tok den dansk-norske staten over. Det norske postvesenet vart formelt langt under det danske generalpostamt, men i røynda var det postmeistaren i Christiania (Oslo) som stod for leiinga innanlands i Noreg. Det vart engasjert postbønder til å transportere posten. Dei fekk ikkje pengar for dette, men vart til liks med postmeistrane fritekne for diverse borgarplikter som andre var pålagt, som å verte utskive til det militære, til å stå for skyss og innkvartering og anna. Ikkje før på 1900-talet vart det gjort større administrative omorganiseringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]