Pot Luck av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pot Luck with Elvis
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 5. juni 1962
Innspelt Mars 1961–mars 1962
Sjanger Pop
Lengd 28:11
Selskap RCA Victor
Produsent Steve Sholes, Joseph Lilley
Elvis Presley-kronologi
Blue Hawaii
(1961)
Pot Luck with Elvis Girls! Girls! Girls!
(1962)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Rough Guides (1999 nyutgjeving)3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Pot Luck with Elvis er det 15. studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo i juni 1962. Innspelinga fann stad 22. mars 1961 i Radio Recorders i Hollywood, 25. juni og 15. oktober 1961, og 18. og 19. mars 1962 i RCA Studio B i Nashville. Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard Top LP's-lista.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet er dominert av songar frå Doc Pomus og Mort Shuman, som hadde skrive hittane «Surrender» og «(Marie's the Name) His Latest Flame» med B-sida «Little Sister» for Presley.[5] Songane «Kiss Me Quick» og «Suspicion» vart gjevne ut på singel nesten to år seinare, i april 1964, etter ein hitversjon av sistnemnte vart gjeven ut av Terry Stafford (ein Elvis-etterliknar). [6] Resten av songane kom frå dei faste låtskrivarane til Presley, som Don Robertson, Otis Blackwell og Paul Evans. Blackwell sin «(Such an) Easy Question» vart gjeven ut på singel i juni 1965 og nådde toppen av og 11. plassen på høvesvis Billboard Adult Contemporary og Hot 100-lista, på ei tid då Presley stort sett dreiv med filminnspelingar.[7]

«That's Someone You Never Forget», med konsept og tittel av Presley, vart skriven i lag med Red West og kanskje til minne om den døde mora til Elvis, Gladys Presley.[8] Songen nådde seinare 92. plassen på Billboard Hot 100 i mai 1967 som B-sida til singelen «Long Legged Girl (With the Short Dress On)». [9] Ein annan song frå desse innspelingane, «You'll Be Gone», skriven av Presley og West, og i lag med Charlie Hodge, kom ut på B-sida til «Do the Clam».[10] Songen «Steppin' Out of Line» er eit unytta spor frå innspelingane til Blue Hawaii.[11]

Sjølv om føregjengarane i 1960 og 1961 - Elvis Is Back! og Something For Everybody, og no Pot Luck, lett nådde topp 10 på albumlista, selde alle tre langt mindre enn filmmusikkalbuma G.I. Blues og Blue Hawaii, eit mønster som heldt fram for Presley gjennom 1960-åra.[12] Filmmusikken fungerte som marknadsføring for filmane og Colonel Tom Parker gjekk mot det som var vanleg for amerikansk plateindustri og nekta å ta med hitsinglane på albuma, noko som truleg ville ha auka salstala.[12] Som følgje av dette konsentrerte Presley seg om karrieren sin, og spelte ikkje inn fleire album som ikkje var filmmusikk eller gospel på sju år, då From Elvis in Memphis kom ut.

13. juli 1999 vart albumet gjeve ut på CD med ei anna songrekkjefølgje, og med fem bonusspor frå to sider av ein singel, ei B-side og to songar frå samlealbumet Elvis for Everyone frå 1965. Dei tre singlane vart spelte inn under same innspelinga som albumet. Den eine singelen vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, medan «You'll Be Gone» vart gjeven ut som B-side i 1965.

Pot Luck vart gjeve ut på selskapet Follow That Dream i 2007 i ei dobbel luksusutgåve med heile originalalbumet og mange alternative opptak frå innspelinga.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

1999-utgåva med bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Follow That Dream-utgåva frå 2007[endre | endre wikiteksten]

Plate 1 Plate 2
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

*tidlegare ikkje utgjeven

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

År Lister Plassering
1962 UK Albums Chart[14] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review.
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 124. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. «Pop albums». Elvis Presley: The Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 15. oktober 2016. 
  5. Sources:
  6. «Kiss Me Quick». Elvis – The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 27. november 2016. 
  7. Pot Luck av Elvis PresleyAllmusic
  8. Jorgensen 1998, s. 157-158
  9. Worth, Fred L.; Tamerius, Steve D. (August 1981). All About Elvis. New York, NY: Bantam Books. s. 360. ISBN 0-553-14129-5. 
  10. «Do the Clam». Elvis – The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 27. november 2016. 
  11. «Pot Luck». Elvis – The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 27. november 2016. 
  12. 12,0 12,1 Jorgensen 1998, s. 190
  13. Sources:
  14. «Chart Stats - Elvis Presley - Pot Luck». chartstats.com. Henta 6. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]