Potensiell evaportranspirasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Potensiell evapotranspirasjon (PET) er mengda vatn som kan fordampast og transpirerast viss det er nok vatn tilgjengeleg. Dette krev nok energi til å fordampe vatn og nok vind i den lågare delen av atmosfæren til å transportere vassdampen bort frå overflata. PET er større om sommaren, og mindre på dagar med skya vêr. PET er òg større på dagar med kraftig vind fordi det fordampa vatnet vert raskare transportert bort frå overflata, og vatnet kan fordampast meir effektivt.

Den potensielle evapotranspirasjonen vert vanlegvis målt indirekte ved å bruke andre klimatiske faktorar. Den avheng av kva slags overflate ein har, om det er ei fri vassflate, kva jordsmonn ein har og type vegetasjon.

Årleg midla PET vert ofte samanlikna med den årlege nedbørsnormalen, P. Forholdet mellom dei to P/PET vert kalla tørrleiksindeks.