Potentiana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Potentia
Santa Pudenziana - affresco Narni.jpg
Martyr
Føddkring 100-talet
FødestadRoma
Daudkring 160-talet
DødsstadRoma
Yrkemartyr
Helgendag19. mai (tidlegare)
VernehelgenFilippinane, Santa Pudenziana

Potentia, Pudentiana, Potenciana eller Potentiana er ein helgen i den katolske kyrkja. Det finst ikkje historiske kjelder til livet hennar, men ho skal ha vore ein kristen martyr som levde i Roma på første halvdel av 100-talet, samtidig som dei kristne apostlane var verksame.

Ho hadde tidlegare ein festdag den 19. mai. I det gamle nordiske bondesamfunnet skal namnet hennar ha vore nytta som ein hugseregel for at potetene skulle vera i jorda ved denne datoen (minneregel POTentia – POTet).

Soge[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk i kyrkja Santa Prassede i Roma med Guds lam over episcopa Theodora, heilage Praxedis, jomfru Maria og heilage Pudenziana.

Potentiana skal ha vore dotter av heilage Pudens, eit namn som er nemnd i Paulus’ andre brev til Timoteus i Nytestamentet.[1]

Potentiana og heilage Praxedis skal ha vore systrer, og dei to er ofte nemnd eller avbilda saman. Ho skal også ha vore syster av Novatus og Timotheus. Ei seinare soge omtalar heilage Claudia som mor til alle desse, som skal ha fått opplæring i kristendommen av apostlane Peter og Paulus.

Potentiana skal ha gjeve rikdommen sin til dei fattige og hjelpt til ved gravleggingane til kristne martyrar. Ho og Praxedis skal ha tørka blodet etter dei kristne martyrane. Ho skal ha døydd berre seksten år gammal. Ulike soger knyter levetida hennar til å ha vore under kristenforfølgingane til keisar Nero, medan andre plasserer henne under dei til Marcus Aurelius (161-180). [2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av Potentiana ved basilikaen i Manila.

Kyrkja titulus Pudentis, det vil seia 'grunnlagd av Pudens', skal ha vore heimen til Pudens som seinare blei vigd til den første kyrkja i Roma av heilage Peter. Den latinske nemninga for kyrkja, ecclesia Pudentiana, kan ha gjeve opphav til helgennamnet Pudentiana gjennom ei misforståing.[2] Kyrkja heiter i dag Santa Pudenziana, og er rekna som den eldste kyrkja i Roma.[2]

Pudentiana er først nemnd i itinerarium frå 600-talet som tek for seg gravene til kristne martyrar i Roma. Her står det at Potentia og Praxedis skal vera gravlagde i Priscilla-katakombene. Seinare er ho nemnd i Reichenau-manuskriptet av martyrologiet til heilage Hieronymus med minnedagen 19. mai.[2]

Den spanske conquistadoren og grunnleggjaren av Manila, Miguel López de Legazpi, fekk kontroll over Filippinane den 19. mai 1571. Sidan dette var minnedagen til Pudentiana (Potenciana på spansk), erklærte han henne vernehelgen for området.[3] Etter førespurnad frå biskopane på Filippinane blei ho erklært under-vernehelgen for Filippinane saman med Rosa av Lima i det apostoliske brevet Impositi Nobis av pave Pius XII den 12. september 1942, med jomfru Maria som hovudvernehelgen.[4]

Helgeneksperten pave Benedikt XIV (1740-58) gjekk gjennom det romerske breviaret og rekna soga om Potentiana og Praxedis som lite truverdige. Potentiana blei teken ut av den romerske universalkalenderen i 1969, og minnedagen blir no berre markert i Santa Pudenziana.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «4», Paulus’ andre brev til Timoteus, Eubulos, Pudens, Linus, Klaudia og alle syskena sender si helsing. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Den hellige Pudentiana av Roma (100-t), katolsk.no 
  3. Manila Cathedral History
  4. Insularum Philippinarum Beatissima Virgo Maria Titulo Immaculata Conceptio Primaria Universalisque Patrona et Sanctae Virgines Pudentiana ac Rosa Limana Patronae Secundarias Declarantur - Acta Apostolicae Sedis (1942) [1] Pages 336-337