Potetpudding
Potetpudding er ein pudding laga med potet[1] som kan lagast som middagsrett eller til dessert. Ein variant er potetrand, der puddingen er steikt i randform.[2]
Puddingen kan lagast av rå, rivne poteter eller kokte poteter som er moste eller rivne. Ofte brukar ein også egg i han. Middagspuddingar kan ha lauk, andre grønsaker, ost, brød og ulike krydder oppi.[3] Dessertpuddingar kan ha sukker og fløyte.[4]
Kokeboka til Hanna Winsnes frå 1846 har tre oppskrifter på søt potetpudding.[5] Potetpudding blei tilrådd som middagsrett i Noreg på kurs og i aviser frå tidleg på 1900-talet[6][7] og i krigsåra tidleg på 1940-talet.[8]
Nokre variantar av potetpudding er potet-babka (polsk babka ziemniaczana) frå polsk og kviterussisk mattradisjon, kugel frå askenasisk tradisjon og kugelis eller bulvių plokštainis frå Litauen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «potetpudding» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «potetrand» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ Vestfold Arbeiderblad 1917.10.06. Tønsberg. 6. oktober 1917.
- ↑ Winsnes, Hanna (1921). Lærebok i de forskjellige grener av husholdningen. Kristiania. s. 248.
- ↑ Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen. Trykt og forlagt af C. A. Wulfsberg. 1846. s. 324-325.
- ↑ Vestfold Arbeiderblad 1917.10.06. Tønsberg. 1917-10-06.
- ↑ Nordlands Framtid 1937.07.10. Bodø. 1937-07-10.
- ↑ Fiskaren 1943.11.17. Bergen. 17. november 1943.