Skrellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Potetskrellar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tre ulike skrellarar.

Skrellar er ein reiskap til å skrella matvarer med, særleg grønsaker som poteter. Slike skrellarar kan ha namn etter hovudbruksområdet sitt, som grønsakskrellar, rotskrellar, gulrotskrellar eller potetskrellar. Til forskjell frå ein vanleg kniv har skrellarar høvelforma blad som er skarpt på innsida. Den motståande sida hindrar kniven frå å gå for djupt inn i det ein skreller. Skrellarar kan også brukast til strimling av råvarer.[1]

Skrelling av potet med potetskrellar.

Historisk har ein brukt vanlege kjøkenknivar eller fruktknivar til å skrella med. På 1900-talet blei det utvikla ulike skrellarar som er blitt utbreidde over heile verda.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Utforminga av skrellaren kan variera mellom ulike område. Ein del skrellarar er best tilpassa for høgrehendte eller venstrehendte, medan andre passar like godt for bruk med begge hender.[2]

Høvelbladet kan gå parallelt med skaftet på skrellaren, som på ein kniv, eller stå vinkelrett på han som på ein barberhøvel. Bladet kan sitja heilt fast i skaftet, eller det kan ha høve til å snurra. Blad kan vera av rustfritt stål, karbonstål eller keramisk materiale.[2]

Mange skrellarar har også ein spiss i enden som ein kan nytta for å skjera ut grohol i ei potet.

Det finst også ein del humoristisk utforma skrellarar, til dømes gulrotskrellarar som har form som ei gulrot[3] eller som ein blyantspissar.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Veggie Peeler Julienne Carrot», www.kuhnrikon.co.uk (på engelsk), henta 25. august 2019 
  2. 2,0 2,1 «The Top Five Vegetable Peelers To Make Your Life Easier», foodal.com, henta 25. august 2019 
  3. Bram, Thursday, «A crafty carrot peeler», CNET (på engelsk), henta 25. august 2019 
  4. «Karoto : Luckies' pencil sharpener shaped vegetable peeler», www.suck.uk.com (på engelsk), henta 25. august 2019