Potnia


Potnia (gresk πότνια, «herskarinne», «frue») er ein tittel/tiltaleform for ei gudinne. Ordet blei nedarva av klassisk gresk frå mykensk gresk med same meining, og blei nytta om fleire gudinner. Eit tilsvarande ord er tittelen despoina, «herskarinna», som blei gitt til ei namnlaus ktonisk gudinne i mysteria til ein arkadisk kult. Seinare blei ho samansmelta med Persefone/Kore, «jomfrua», gudinna for dei eleusinske mysteria, i ein syklus av liv-død-gjenføding som leidde neofyttane frå døden og til livet og udøyelegheit.[1] Forskaren Károly Kerényi identifiserte Kore med den namnlause «herskarinna av labyrinten», som truleg var vernegudinne for palasset Knossos på minoiske Kreta.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Potnia (gresk πότνια) er hokjønnsforma av tydinga «herskarinne» (urindoeuropeisk *potnih2), nærståande med potis, avleidd frå urindoeuropeisk pota i tydinga «her» eller «mektig». Sanskrit patih («herre», «ektefelle»), hokjønnsforma patni, latinsk verb *potere. Eit nærståande moderne ord er «potent».[2] Mykensk gresk er po-ti-ni-ja, som blei nedarva til klassisk gresk med same meining.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Dei tidlegaste referansane til omgrepet er inskripsjonar i linear B (mykensk gresk) funne på Pýlos og Knossos på Kreta, daterte til rundt 1450-1300 f.Kr. På fleire tavler frå Pýlos finst forma Po-ti–ni-ja (potnia) utan noko følgjande ord. Lingvisten Chadwick antyder at ho var ei modergudinne i Mykene. Det verker som om ho hadde ein viktig heilagdom ved staden Pakijanes i nærleiken av Pýlos.[3]
Ein inskripsjon frå Knossos viser til «potnia av labyrinten» som truleg overvaka eller var vernegudinne for palasset i Knossos; dapuritojo potinija.[4][5] Eit kjent minoisk segltrykk avdekt av Arthur Evans viser ei namnlaus gudinne som svingar eit spyd og står på ein representasjon av eit fjell flankert av oppreiste løver, og representasjonen verker tilsvaraden homeriske potnia theron («herskarinne av dyra»), samanlikn med jomfrugudinna Artemis.
Fleire tavler i linear B-skrifter som er funne på Knossos og Pýlos viser til potnia. Her var ordet nesten alltid følgt av eit tilnamn karakterisert av ein særskild stad eller funksjonen hennar: Asiwija potinija, sito potinija (sitos = korn), potinija Iqeja (Potnia Hippeia = «hestegudinne»). Ved Knossos refererer ei tavle til Atana potinija, «potnia Athene», ei form tilsvarande ei seinare homerisk form.[3][6]
Klassiske Hellas
[endre | endre wikiteksten]På klassisk gresk er tittelen potnia vanlegvis nytta for gudinnene Demeter, Artemis, Atene og Persefone. Denne tittelen blei også gitt til jordgudinna Gaia. Ein tilsvarande tittel, Despoina, «herskarinne», blei gitt til ei namnlaus gudinne for arkadiske mysterium, seinare samansmelta med Persefone, gudinna for dei eleusinske mysteria. Homer i Iliaden[7] nemner ei potnia theron (herskarinne over dyra) som klart er Artemis. Károly Kerényi identifiserte Persefone med den namnlause «herskarinna av labyrinten» («potnia av labyrinten»). Demeter og Persefone var dei to store gudinnene i arkadiske kultar. Ifølgje Pausanias ved Olympia blei dei kalla for despoine («herskarinnene», fleirtal av despoina).[8] Demeter og Persefone blei også kalla for demeteres som duplikat av jordgudinna med ein dobbel funksjon som ktoniske og vegetasjonsgudinner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Despoina», Perseus.tufts.edu
- ↑ «Potent», «Power», Online Etymology Dictionary
- ↑ 3,0 3,1 Mylonas, G. (1965): Mycenae and the Mycenaean age, Princeton University Press, s. 159
- ↑ Kn Gg 702:da-pu2ri-to-jo po-ti-ni-ja
- ↑ Ventris M. & Chadwick J. (1976): Documents in Mycenean Greek. Cambridge UP. ISBN 0-521-08558-6
- ↑ Chadwick J. (1976): The Mycenean world. Cambridge UP. ISBN 0-521-29037-6
- ↑ Homer: Iliaden, Tjueførste sang, 470
- ↑ Pausanias: Beskrivelse av Hellas, 5.15.4
- Denne artikkelen bygger på «Potnia» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2024.