Poul Schnitler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poul Schnitler
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. oktober 1762
Norderhov
Død

7. april 1832 (69 år)
Rygge

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Poul Fredrik Vilhelm Schnitler (15. oktober 17627. april 1832) var ein norsk prest og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.

Schnitler var son til ein prest. Han vart student i 1781 og cand. theol. i 1784. Under krigen mot Sverige i 1788 var han med som feltprest. Frå 1790 til han døydde i 1832 var han sokneprest i Rygge, tida 1816-32 var han også prost i Vestre Borgesyssel.

Schnitler var 3. representant frå Smaalenenes amt til Stortinget 1818. Han var medlem av Lagtinget og ti komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om sal av prestegardsinventar og løn til geistlege embetsmenn, samt medlem av komiteane om høvesvis Smaalenssaka, konventikkelplakaten av 1754 og sal av det benefiserte godset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]