Pavel Nikolajevitsj Jablotsjkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavel Nikolajevitsj Jablotsjkov

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 2. september 1847
Serdobsk
Død

19. mars 1894 (46 år)
Saratov

Yrke oppfinnar, ingeniør
Pavel Nikolajevitsj Jablotsjkov på Commons
Pavel Jablotsjkov på eit sovjetisk frimerke.

Pavel Nikolajevitsj Jablotsjkov (ru. Павел Николаевич Яблочков) (14. september 184731. mars 1894) var ein russisk oppfinnar som er kjend for å ha lage ei elektrisk ljosbogelampe i 1879.

Jablotsjkov var fødd i Serdobsk og studerte fysikk og ingeniørfag ved ein Nikolayev militære ingeniørhøgskule (Николаевское военно-инженерное училище) i St. Petersburg. I 1869 studerte han vidare ved Den galvaniske technische høgskulen in Kronsjtadt. Etter utdanninga arbeidde han ei tid som offiser og i 1873 vart han utnemnd til telegrafsjef ved Moskva-Kursk-jarnvegen. Det var på denne tida han bygde eit laboratorium for å utføra eksperiment innan elektrofag.

Jablotsjkov eksperimenterte med ulike typar elektriske batteri, men det var utviklinga av ei ljosbogelampe som har fått mest merksemd. Tidlegare ljosbogelamper var ustabile, på det viset at dei kravde ein regulator for å halda ljosbogen konstant. I 1875 reiste han til Paris[1] og i 1876 fekk han eit fransk patent på oppfinninga si. Han nytta ein Gramme-dynamo for å generera elektrisk energi til lampene sine og i samarbeid med Zénobe Gramme monterte han under Exposition universelle de 1878 64 av lampene sine langs Avenue de l'Opera i Paris.

Han starta produksjon av lampene i St. Petersburg og i 1880 hadde han produsert rundt 500 Jablotsjkov-lamper. Over halvparten av desse var i bruk i hæren og marina. På tsaren sin lystbåt «Livadia» var det installert 48 lamper.[2] I Stockholm vart det installert Jablotschkow-lamper i Blanchs café ved Kungsträdgården.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Archives Biographies: Paul Jablochkoff 1847-1894, The Institution of Engineering and Technology. (vitja 12/7-2009)
  2. Ivanov, A., Электрификация Гатчины. (vitja 12/7-2009)