Powellitt
Powellitt | |
![]() Honninggul powellitt krystall med fargelause nålar av scolecitt frå Yeola i Nasik i Maharashtra i India (storleik: 108 x 75 mm, 272 g) | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Molybdatmineral |
Kjemisk formel | CaMoO4 |
Strunz-klassifisering | 07.GA.05 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 200.02 g |
Farge | Gul, brun, blå, svart |
Krystallform | Massivtil grovt krystallline |
Krystallsystem | Tetragonal - dipyramidal |
Kløyv | tydeleg på [111] |
Brot | Muslig |
Mohs hardleiksskala | 3.5-4 |
Glans | Diamantaktig |
Strekfarge | lysegul |
Transparens | Gjennomsiktig |
Tettleik | 4.25 g/cm3 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) |
Brytingsindeks | nω = 1.974 nε = 1.984 |
Dobbeltbryting | δ = 0.010 |
Ultrafiolett fluorescens | Fluorescerer lys gul under kortbølgja ultrafiolett lys, dimmare under langbølgja |
Kjelder | [1][2] |
Powellitt er eit gråleg til gult mineral, eit kalsiummolybdat, CaMoO4, med tetragonal symmetri. Det dannar ein blandingsserie med det tilsvarande wolframatet, scheelitt. Mineralet har ein sterk gul fluorescens.
Powellitt vart først skildra av William Harlow Melville i 1891 frå Peacockgruva i Adams County i Idaho og kalla opp etter den amerikanske oppdagaren og geologen John Wesley Powell (1834–1902).
I Noreg er det funne sekundært etter molybdenitt på førekomstar i Telemark.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Powellitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/powellitt.