Power Machinery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PM Universal.

Power Machinery (PM) vart stifta i 1943 og produserte i starten bygningssager. Føretaket heldt til i Vancouver i British Columbia i Canada. I 1947 tok dei til å produsera motorsager[1]. Den fyrste motorsaga, Universal, var konstruert av Sandy Megaw, som tidlegare hadde arbeidd for konkurenten IEL. Univesal var ei einmannssag med ein masse på 16,3 kg, men kunne leverast kan handtak på sverdet, slik at ho kunne fungera som tomannssag. Saga hadde totaktsmotor med eit slagvolum på 73 cm³ og flottørforgassar, manuell kopling og kjededrift av kjeda. I 1948 kom Universal A, som stort sett var lik med Universal, men slagvolumet var auka til 90 cm³, og startapparatet hadde automatisk oppsuling av startsnora. Dei to fyrste modellane var aluminiumsfarga, men i 1949 to dei til å måla sagene raude og kalla dei «Woodboss D».

I 1950 kom det ein ny modell, kalla «Redhead». Sidan kom «Torpedo», «Rocket K1», «Rocket K2», etc. I 1950 kom PM 19, som hadde direktedrift av kjeda. I 1957 kom dei med ein modell kalla 21 «Canadian» og seinare kom fleire modellar kalla «Canadian». Dette førte til at mange tok til å kalla sagene Canadian i staden for PM.

I 1962 vart føretaket kjøpt av det engelske føretaket Bristol Aero Industries, men produksjonen og utviklinga av nye modellar heldt fram i Vancouver. Men i 1969 vart føretaket seld til Skil, som flytta produksjonen til Chicago. Dei fleste tilsette ville ikkje flytta frå Vancouver, så etter dette stagnerte utviklinga av nye profesjonelle modellar og PM var i røynda historie.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.