Power av Diljá
| «Power» Song av Diljá | ||
| Land | Island | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 4. mars 2023 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 03:03 | |
| Selskap | Rok | |
| Komponist | Diljá, Pálmi Ragnar Ásgeirsson | |
| Tekstforfattar | Diljá | |
| Låtskrivar(ar) | Diljá Pétursdóttir, Pálmi Ragnar Ásgeirsson | |
|---|---|---|
«Power» (norsk omsetjing ‘kraft’); islandsk tittel «Lifandi inni í mér», er ein popsong frå 2023 av den islandske songaren Diljá. Songen blei gjeven ut 4. mars 2023 og vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023. Gjennom sigeren blei «Power» det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Power» er skriven av Diljá Pétursdóttir og Pálmi Ragnar Ásgeirsson. Fyrstnemnde framfører songen også, under artistnamnet Diljá. Ásgeirsson er også ein av låtskrivarane bak «Unbroken», det islandske Eurovision-bidraget i 2015.[1]
Hausten 2022 sende dei songen inn til den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023 i regi av den islandske allmennkringkasteren RÚV. Vinnaren fekk representere Island i Eurovision Song Contest 2023.
«Power» blei plukka ut til å delta i tevlinga, og i tråd med tevlingsreglane måtte låten framførast på islandsk i semifinalen og sidan på valfritt språk i ein eventuell finale. Den islandske versjonen heiter «Lifandi inni í mér» (‘levande inni meg’) og blei offentleggjord 28. januar saman med dei andre bidraga.[2] Låten kvalifiserte seg frå semifinalen og blei framført på engelsk i finalen laurdag 4. mars 2023.[3] I finalen vann «Power» telefonavrøystinga og blei dimed det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][4]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Island deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Power» på ellevteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[5][6] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Island ikkje nådde ein Eurovision-finale.
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2023) | Høgaste plassering |
|---|---|
| 1 | |
| 78 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Kristjans, Kristin (4. mars 2023). «Diljáwins Söngvakeppnin and will sing "Power" at Eurovision 2023 for Iceland». wiwibloggs (på engelsk). Henta 26. mars 2023.
- ↑ «Iceland: 'Söngvakeppnin' 2023 lineup announced». eurovision.tv (på engelsk). 28. januar 2023. Henta 26. mars 2023.
- ↑ Vautrey, Jonathan (18. februar 2023). «Iceland: Diljá and BRAGI qualify from Söngvakeppnin 2023 semi-final 1». wiwibloggs (på engelsk). Henta 26. mars 2023.
- ↑ «Diljáwill represent Iceland at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2023. Henta 26. mars 2023.
- ↑ «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023.
- ↑ «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN– LÖG: Streymi, spilun og sala viku 10. Birt 12. mars 2023.» (på islandsk). Tónlistinn. Arkivert frå originalen 12. mars 2023. Henta 26. mars 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Power (sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2023.