Prespasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Préspasjøen)
Prespasjøen
innsjø
Utsyn over Prespasjøen frå Liqenas i Albania.
Land  Albania,  Hellas  Nord-Makedonia
Innsjøtype Tektonisk
Utløp Gjennom underjordiske
karstbergartar
Høgd over havet 853 moh.
Areal 313,6 km²
Største djupn 54 m
Koordinatar 40°54′N 21°02′E
Øyar Tre, der Golem Grad er den største.
Kart
Prespasjøen
40°54′N 21°03′E / 40.9°N 21.05°E / 40.9; 21.05
Wikimedia Commons: Lake Prespa

Prespasjøen er namnet på to innsjøar i Søraust-Europa på grensa mellom Hellas, Albania og Nord-Makedonia. Prespasjøen er ein av berre 17 eldgamle innsjøar på jorda, og er estimert til å vere fem millionar år gamal. Av det totale overflatearealet ligg 190 km² i Nord-Makedonia, 84,8 km² i Hellas og 38,8 km² i Albania. Dei er dei høgaste tektoniske innsjøane i Balkan med ei høgd på 853 moh.

Den store Prespasjøen (makedonsk Преспанското Езеро, Prespanskoto Ezero, gresk Μεγάλη Πρέσπα, Megáli Préspa, albansk Liqeni i Prespës) er delt mellom Albania, Hellas og Nord-Makedonia. Den litle Prespasjøen (gresk Μικρή Πρέσπα, Mikrí Préspa, albansk Prespa e Vogël) ligg berre i Hellas (138 km² nedslagsfelt; 43,5 km² overflateareal) og Albania (51 km² nedslagsfelt; 3,9 km² overflateareal).

Kart
Satellittbilete

1100-talet bygde den bulgarske tsaren Samuil ei festning og ei kyrkje for St. Achillios på ei øy kalla Agios Achillios i Den litle Prespasjøen, på den greske sida av grensa. Den største øya i Den store Prespasjøen ligg på den nordmakedonska sida og heiter Golem Grad («Stor by»). Den er mykje større enn den andre øya Mal Grad («Liten by») og her ligg ruinane etter ei kloster for St. Peter frå 1300-talet. I dag er det ingen som bur på øyane.

Den store Prespasjøen ligg 150 m høgare enn Ohridsjøen, som ligg om lag 10 km mot nordvest. Vatnet i Prespasjøen siv gjennom botn av innsjøen og via underjordiske kanalar i karstbergarten og ut i Ohridsjøen. Dette er hovudkjelda av vatnet for Ohridsjøen.

I mange år var den greske delen av områda rundt Prespasjøane ikkje folkesett sidan det var eit militært område. Det var mange kampar her under den greske borgarkrigen, og mykje av den lokale folkesetnaden rømde for å unngå fattigdom og politisk strid. Området var lite utvikla fram til 1970-talet, då turistar byrja å trekke til område. Som i Ohridsjøen har området ein sjeldan fauna og flora, og i 2000 vart området ein transnasjonal nasjonalpark.

Den største byen i området rundt Prespasjøane er Resen i Nord-Makedonia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Prespa, Lake». Encyclopædia Britannica, 2005.
  • «Prespa, Lake». The Columbia Encyclopedia, 2004.
  • worldlakes.org